Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


7.4.1869 vedtek Odelstinget gammalnorsk som valfritt fag i den høgre skulen. Framlegg om dette blei vraka i 1862 etter at Kongen i 1860 nekta å sanksjonere eit slikt vedtak.
 
7.4.1886 kjem det første stortingsdokumentet på landsmål, Innst. O. Nr. 28, underskrive av A. Qvam og Lars Liestøl.
 
7.4.1907 blir Norsk Riksmaalsforening skipa i Kristiania med Bjørnstjerne Bjørnson som første formannen. Namnet blir endra til Norsk Riksmaalsforbund i 1909.
 
7.4.1973 opnar nærradiostasjonen Radio Volda sendingane sine, til tonane frå ”Dei gamle fjell i syningom”. NRK blir med på eit samarbeid, men i 1977 er det slutt for Radio Volda. I dag finst Radio Volda som øvingsradio for journalistutdanninga ved Høgskulen, og deler frekvens med Norrøna Radio.

 

All verdas språk

 
7. april 1969 skriv den amerikanske institusjonen Advanced Research Projects Agency (ARPA), knytt til forsvars- og romsfartsindustrien, kontrakt med BBN Technologies i Massachusetts om utvikling av eit datanettverk.
Grunnlaget er ein plan forma av dataingeniøren Robert Taylor. Det første sambandet blir kopla opp mellom University of California og Stanford Research Institute 29. oktober 1969 kl. 22.30. Systemet blir utvikla vidare, og seint på hausten 1971 sender den amerikanske programmeraren Ray Tomlinson den første e-posten i verda, med eit program han kalla SNDMSG. E-posten blir send som ein del av arbeidet med å utvikle datanettverket ARPANet.
Han kan sjølv tidfeste dette til november-desember, men ikkje meir presist enn det.
Sist oppdatert: 30.01.2014