Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


8.4.1860 står ”Leitande etter Blaamann” (Blåmann, Blåmann…) av A.O. Vinje på trykk i Dølen. 
 

All verdas språk

8. april 1972 blir romfolkets dag markert for første gong, og ei forsamling i London fastset denne dagen flagg og nasjonalsong for romfolket. I Noreg blir dagen første gongen markert i 2010.
Romfolket, tidlegare gjerne kalla sigøynarar, har for det meste indisk opphav. Fram mot 1300-talet vandrar folk frå India via Vesleasia til Balkan og derifrå til heile Europa. Denne spreiinga gir språket deira ulike dialektar. Ein av dei er valakisk, knytt til området Valakia, som frå 1860 blir ein del av Romania. I fleire hundre år blir folkegruppa forfølgd i land etter land, og mange av dei endar som slavar.
Slaveriet blir oppheva i Moldova i 1855 og i Valakia i 1856, og på denne tida opnar fleire land grensene for meir innvandring. Då legg mange ut på ei ny stor folkevandring. Dei første kjem truleg til Noreg i 1860-åra, og desse nye innvandrarane blir kalla sigøynarar, i dag romfolk eller rom. Språket deira er i Noreg og Sverige kalla romanés, som tyder ‘på sigøynarvis’, medan språket elles blir kalla romani. I Noreg og Sverige refererer derimot romani til eit eldre språk som kom til Noreg på 1500-talet, og som blei taterspråk.
Romanés er prega av indiske språk både i formverk og ordforråd, men også av gresk og slaviske språk. Romanés er førstespråket til romfolket, og særleg dei eldre meistrar dette språket betre enn norsk. Den albanske kulturforskaren Marcel Courthiade formar i 1989 ei rettskriving som dekkjer mange av dei store dialektskilnadene innanfor romanés.
I juni 1999 blir European Committee on Romani Emancipation skipa.
Sist oppdatert: 30.01.2014