Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.4.1920 vedtek Alversund & Manger Dampskipslag med 40 mot 26 røyster at landsmål snarast råd skal bli administrasjonsmålet i selskapet. Få veker seinare kjem sommarrutene i den nye målforma.

All verdas språk

9. april 1802 blir diktaren, språkforskaren og legen Elias Lönnrot fødd.

Mellom 1828 og 1844 gjennomfører han elleve innsamlingsreiser i Finland, Karelen og Estland. I alt reiser Lönnrot om lag 20 000 km og samlar inn om lag 65 000 strofer tradisjonsdikting. Gjennom dette arbeidet set han saman og skaper verket Kalevala, eit hovudverk i finsk litteratur, bygt på karelsk tradisjon. Første utgåva kjem 1835, med forord datert 28. februar det året, og siste utgåva hans kjem i 1849. Då har verket vakse frå 12 078 til 22 795 linjer. Kalevala er Lönnrots tittel og tyder heimstaden til Kaleva-slekta.

På denne datoen i 1557 døyr den finske biskopen Mikael Olavinpoika (Mikael Olavi Agricola). Han gir i 1543 ut den 16 sider tynne Abckiria (ABC-boka) med trusvedkjenning, bodord m.m., og den 900 sider tjukke bøneboka Rucouskiria Bibliasta i 1544. I 1548 gir han ut Det nye testamentet på finsk, og i 1551 kjem Davidssalmane.

Ved sida av Agricola er Lönnrot den viktigaste grunnleggjaren for finsk skriftspråk, og han laga mange nyord i finsk. Som lege arbeider han nord i Uleåborg og Kajaani frå 1832 til 1853, men interessa for språk og tradisjon tek over. I 1840 gir han ut Kanteletar, henta frå det innsamla tradisjonsstoffet. Verket med sine 652 songar over 22 201 verselinjer er kunstnarleg på høgd med Kalevala, men utgjer ikkje eit samanhengande epos og hamnar dermed i skuggen frå Kalevala.

Etter Kalevala blir Lönnrot professor i finsk litteratur ved Helsingfors Universitet i 1854. Der arbeider han frå 1866 mykje med Suomalais-ruotsalainen sanakirja, ei finsk-svensk ordbok som inneheld om lag 200 000 oppslagsord då verket kjem ut i 1880.

På originalspråket karelsk kjem Kalevala først ut i 2009. Verket er gjendikta på 61 språk. Då Albert Lange Fliflet gjendiktar til norsk i 1967, bruker han midlandsmålet med ekstra tilsig frå Vinje og Rauland i Vest-Telemark.

Den 9. april er offisiell flaggdag i Finland og blir feira som Den finske språkdagen. 

Sist oppdatert: 29.07.2019