Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


1.8.1856 skriv Niels Juel brev til Ivar Aasen. Dette er det eldste kjende privatbrevet på landsmål.

1.8.1923 melder Den 17de Mai at studentane no kan få det akademiske borgarbrevet på landsmål, omsett av Oluf Kolsrud (sjå 29.5.1917).

1.8.2004 blir dei første artiklane publiserte i nynorskutgåva av det digitale dugnadsleksikonet Wikipedia.

1.8.2006 endrar Kunnskapsdepartementet § 17–3 i opplæringslova slik at administrativ programvare (kontorstøtteprogram) ikkje lenger er unnateke frå kravet til språkleg parallellutgåve.

1.8.2008 tek Åse Wetås til som prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 (sjå 29.4.2002).

1.8.2012 gjeld den nye rettskrivinga for nynorsk, fastsett av Kulturdepartementet 23.9.2011 etter samrøystes tilråding frå styret i Språkrådet.

1.8.2016 er Allkunne AS omorganisert til vanleg driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn sluttar 31.8., og frå 1.9. er Stina Aasen Lødemel konstituert redaktør til 31.1.2017. 


All verdas språk

1. august 1845 kjem første nummeret av Slovenskje národňje novini (Slovakisk riksavis), skrive på det nye skriftspråket slovakisk. Det siste nummeret kjem 9. juni 1848.

Det nye skriftspråket legg Ľudovít Štúr det formelle grunlaget for med to bøker i 1846. Både han og avisa kan byggje vidare på det arbeidet lyrikaren og språkforkjemparen Ján Kollár har utført få tiår tidlegare. Han gir i 1824 ut diktsamlinga Slávy dcera (Slavas dotter), som blir eit symbolverk for slovakisk språkutvikling. 

Štúr døyr i 1852, og ti år seinare, 16. august 1863, blir byen Mošovce i Slovakia herja av brann. Blant bygningane som går tapt, er huset der Kollár blei fødd 29. juli 1793. Berre kornlageret står att. Der blir eit museum om Kollárs liv og verk opna i 1983.


Sist oppdatert: 29.05.2017