Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

10.8.1936 kjem første nummeret av Romsdal Bondeblad ut i Molde med Harald E. Bø som redaktør. Siste nummeret kjem 8.4.1937.

10.8.1981 blir journalist Maria Rivedal fødd.
 

All verdas språk

10. august 1539 innfører kong Frans I Ordinance de Villers-Cotterêts om at alle offentlege dokument frå kyrkje, forvaltning og rettsvesen skal vere «en langage maternel fronçois et non autrement» (på morsmålet fransk og ikkje noko anna). Det inneber at latin skal ut av det franske riket, som på denne tida er det tettast busette i Europa, og frå då av er det fransk som gjeld i Frankrike.

Utover på 1500- og 1600-talet blir bruken av latin jamt meir avgrensa i Europa etter å ha vore det dominerande lærdomsspråket sidan stordomstida til Romarriket. Det siste større filosofiske verket på latin, skrive av ein engelskmann, er Francis Bacons Novum Organum frå 1623. Den 5. juli 1687 gir Isaac Newton ut Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp for naturleg filosofi) i London. Newton formulerer her mellom anna ein universell gravitasjonsteori og dei rørslelovene som legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Då han gav ut Opticks i 1704, hadde han gått over til engelsk; verket blei omsett til latin to år etterpå. 

Foto: Duncan Hill, flickr.com CC BY 2.0

Foto: Duncan Hill, flickr.com CC BY 2.0.

Det same skjer på andre språk, som utviklar eigne fagterminologiar. Framveksten av vitskapar frå 1600-talet fører til mykje nytenking, men alt blir tenkt på andre språk enn latin. Som forvaltningsspråk blir latin den dag i dag derimot brukt av Den heilage stolen i Vatikanstaten, og paveembetet utferdar som regel offisielle dokument på latin. I august 2006 gjer dagsavisa Osservatore Romano i Vatikanstaten framlegg om at latin blir offisielt språk i EU.  

Nytt liv av daude gror: Den 25. mai 2002 opnar Wikipaediae Latina med ein artikkel om «Mensis», månadene. Frå september 1989 har den finske radiostasjonen YLE sendt «Nuntii Latini», dagsnytt på latin, og har etter kvart fått 75 000 lyttarar. Frå Finland kjem også Elvis på latin: Litteraturprofessoren Jukka Ammondt gir i 1995 ut plata The Legend Lives Forever in Latin, med songar som «Tenere me ama» («Love Me Tender»).

Ammondt stoppar ikkje der. I juli 2001 kjem Three Songs in Sumerian – «Blue Suede Shoes», utdrag frå Gilgamesj-eposet og den finske tangoen «Satumaa», alt saman på sumerisk, eit av dei eldste språka i verda. 

Sist oppdatert: 07.05.2019