Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
11.8.1859 held Kristofer Janson som kjøkemeister tale på ”det fagraste Hardanger-Maal” for Russelaget som er samla til feiring på stranda ved Frederiksborg på Bygdøy i Christiania.
 
11.8.2007 passerer Wikipedia Nynorsk 25 000 artiklar (sjå 1.8.2004, 7.8.2005 og 13.7.2009).

All verdas språk

11. august 1967 held European Conference of Lingual Minorities in Oslo fram. Dagen før opna fungerande statsminister Kjell Bondevik konferansen, som har samla 35 deltakarar frå 10 land, og som blir arrangert av Studentmållaget i Oslo.
Fire deltakarar frå Hellas har vore nekta å møte av greske styresmakter, men er likevel med.
I avslutningskommunikeet 12. august 1967 heiter det: “The conference recognizes the similarity between the problems affecting lingual minorities in different countries and those affecting the languages of small states in a rapidly integrating Europe. It is the right of all these languages to be protected and actively helped by European Organizations and Governments to survive and develop as living languages and as integrating parts of our common European heritage.»
Ein generasjon seinare valdar språkpolitisk framleis bry for styresmaktene i Hellas. På ein festival i 1995 spreier aktivisten Sotiris Bletsas ein brosjyre om språklege minoritetar i landet. Brosjyren er laga av EU-organet European Bureau for Lesser-Used Languages, og Hellas er med i EU. Styresmaktene misliker at brosjyren inneheld omtale av den språklege minoriteten arumenarane, som bur nord i Hellas og i fleire land på Balkan.
Bletsas blir i 2001 dømd til fengsel i 15 månader for desinformasjon, men blir kjend ikkje skuldig 18. oktober same året.
 
Sist oppdatert: 06.03.2014