Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

12.8.1881 blir språkforskaren Olai Skulerud fødd i Porsgrunn.
 
12.8.1889 blir redaktør Einar Nyborg Breidsvoll fødd i Chicago, USA.
 

All verdas språk

 
12. august 1981 presenterer IBM IBM 5150, deira første Personal Computer. Det er ikkje den første, men det er no gjennombrotet kjem.
IBM 5150. Foto: Fried Dough, flickr.com CC By 2.0
IBM 5150. Foto: Fried Dough, flickr.com CC By 2.0
Den 21. mai 1948 har ingeniørane Frederic Williams og Tom Kilburn i Manchester demonstrert Manchester Mark 1, også kalla Babe, den første datamaskinen. Året etter har Edmund Callis Berkeley klar ein første personleg datamaskin som han kalla Simon. Xerox's Palo Alto Research Center har i 1973 presentert Xerox Alto, stor som eit kjøleskap. Micro Instrumentation and Telemetry Systems har i 1975 lansert Altair 8800; same året bryt medarbeidaren Bill Gates ut og stiftar Microsoft.
Apple Computer Company har sett Apple 1 i sal frå juli 1976, Commodore har lansert sin masseproduserte PET 2001 i januar 1977, og 5. juni 1977 kjem Apple II i sal. Det neste vendepunktet er 24. januar 1984. Då lanserer Apple modellen Macintosh 128K.
Den første grammatikkontrollen for pc-ar blir lansert i 1981, og frå 1992 utstyrer Microsoft tekstprogrammet Word med denne funksjonen.
Sist oppdatert: 06.03.2014