Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

13.8.1896 prentar Den 17de Mai ”Barndomsminne” (Å, eg veit meg eit land) av Elias Blix, som Adolf Thomsen seinare set tone til (sjå 17.5.1901).

13.8.2005 fortel Bergensavisen at Hordaland Unge Høgre har laga tre reklamefilmar for Harald Victor Hove, femtekandidat på stortingsvallista for Hordaland Høgre. Emna er bilavgifter, spritforbod for alle under 18 og nynorsk som sidemål. I ein av filmane kaster han Alf Helleviks Nynorsk ordliste i eit brennande oljefat med orda ”Dette er mitt sidemål”. Planen er at filmen skal visast på Bergen kino, men etter sterke reaksjonar blir filmen trekt tilbake 17.8.

13.8.2014 melder Noregs Mållag at dei sender plakat med den nynorske Grunnlova til alle vidaregåande skular i Noreg.

13.8.2018 gir det nye forlaget Gloria ut den første boka si, romanen Svartstilla av debutanten Susanne Skogstad, skriven på nynorsk. 
 

All verdas språk

13. august 1931 får den amerikanske radioingeniøren Merle Duston i Detroit patent for “Method Of And Apparatus For Electrically Recording And Reproducing Sound And Other Vibrations”.

Dette er ei vidareutvikling av eit apparat Alexander Graham Bell hadde utvikla i 1886 for å ta opp lyd. Dette krev mikrofon, utvikla av Thomas Alva Edison frå mars 1877. Det held fram med ulike løysingar som etter kvart blir til bandopptakaren. Den danske ingeniøren Waldemar Poulson får såleis 1. desember 1898 patent for telegrafonen. Først 16. august 1935 presenterer AEG og BASF sin Magnetofon K1 på radiomessa i Berlin. Tre dagar seinare brenn messa ned til grunnen.

Frå no av er lydopptak ei enkel sak. Dermed er munnleg tale ikkje lenger tid- og stadbunden; munnleg språk kan til liks med skrift bevarast, flyttast og formidlast alt etter behov. Med mikrofon og forsterkar blir det også mogleg å spreie tale til store folkeforsamlingar.

Sist oppdatert: 18.02.2019