Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.8.1923 skriv Noregs Mållag til Noregs Bank og krev at banken ”no tek til med å prenta og gjeva ut pengesetlar med innskrift på norsk mål” (sjå 1.11.1985).
 
14.8.1997 publiserer gruppa Nynorsk Elevgerilja ei nynorsk piratutgåve på Internett av læreboka Informasjonsbehandling grunnkurs. Programvarebehandling Word 6.0 og Excel 5.0. Informasjonsbehandling av Liv Toril Kvaløy Seter, utgitt av Økonomiforlaget. Publiseringa er ein protest mot at forlag ikkje respekterer lovkravet om lærebøker på begge målformer til same tid og til same pris. 15.8. søkjer Økonomiforlaget om dispensasjon frå lova for den aktuelle boka. 18.8. pålegg Namsretten elevgeriljaen å fjerne boka frå Internett. Det blir gjort same dagen.
 
14.8.2007 tek Harald Hove (V) til orde for å etablere eit nynorsk litteratursenter i Leirvik på Stord. Senteret skal bli ein møteplass mellom forfattarar og språkbrukarar i ” den største nynorskbyen”.
 

All verdas språk

14. august 1952 lanserer den franske økonomen Alfred Sauvy nemninga Le tiers monde (Den tredje verda) i ein artikkel i magasinet L'Observateur. Han bruker omgrepet for å få fram kor viktige dei såkalla underutvikla landa er.

Uttrykket er ein parafrase etter den franske politikaren Emmanuel-Joseph Sieyes, utsending til den franske nasjonalforsamlinga i 1789, som sa at den tredje staten er alt, ikkje har noko, men ønskjer å bli noko. Den vestlege verda blei rekna som den første verda, den kommunistiske som den andre.

Nemningane for verdsdelane har sine politisk-historiske sider.
I Romarriket viste Occidens til solnedgangen, altså den vestlege himmelretninga. I 1529 blir dette omsett til tysk Abendländer av historikaren Kaspar Hedio, og herifrå henta Martin Luther ordet Abend i ei slik tyding til bibelomsetjinga si.

Kinesarane kallar gjerne landet sitt Zhōngguó, som tyder Midtriket, Midtens rike eller Landet i sentrum. Opphavleg viste namnet til dei sentrale rika, altså dei kinesiske føydalstatane i det noverande Nord-Kina under Zhou-dynastiet tusen år f.Kr., men også denne tydinga har skifta både geografisk og politisk.
Sist oppdatert: 06.03.2014