Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.8.1914 opnar Landsbanken i Bergen for publikum. Dette er den første forretningsbanken med landsmål som administrasjonsspråk, skipa 27.2. same året. Under bankkrisa i 1923 blir både denne og mange andre bankar sette under administrasjon, og banken stoppar drifta 23.4.1923 (sjå 27.2.1914).

15.8.2005 kårar lyttarane til NRK Reiseradioen Valdres-dialekten til den vakraste dialekten i landet. I finalen får Valdres-dialekten 59 % av røystene, Gudbrandsdals-dialekten 41 %.

15.8.2006 sender Utdanningsdirektoratet brev til alle fylkeskommunar og vidaregåande med informasjon om dei språklege rettane til elevane, nedfelte i § 9 i opplæringslova og § 17 i forskrift til opplæringslova.

All verdas språk

15. august 1947 blir India delt i to – India og Pakistan. Dei to nye statane utviklar kvar sin språkpolitikk, som utløyser mykje sosial uro både i 1950- og 1960-åra.

Den 29. februar 1956 vedtek nasjonalforsamlinga i Pakistan at urdu og bengali skal vere offisielle språk i landet. Med åra blir urdu eit lingua franca på tvers av mange språkgrenser og eit nasjonalspråk, medan engelsk er det offisielle språket i næring og forvaltning.

Skjermpdump frå den urdiskspråklege avisa Daily Express.

Skjermpdump frå den urdiskspråklege avisa Daily Express.

India med sine vel 400 språk har ikkje noko nasjonalspråk, hindi er offisielt språk, engelsk er eit underordna offisielt språk som blir brukt mykje i handel og forvaltning, og kvar delstat har sine offisielle språk. Alt 1. april 1936 er Orissa i nordaust blitt godkjend som eigen delstat. Der dominerer språket onya, og for første gong er indiske delstatsgrenser trekte ut frå språklege kriterium.

I dag er det 23 offisielle språk nasjonalt eller regionalt i India. Blant dei er gujarathi, kannada, malayalam, marathi og punjabi, som alle høyrer med til dei 30 største språka i verda,

I delstaten Madras, som frå 1969 heiter Tamil Nadu, blir ein vaklande trespråkspolitikk sett til sides gjennom eit parlamentsvedtak 23. januar 1968. Borna skal frå no av berre lære engelsk og tamil, ikkje hindi, og tamil skal innførast i forvaltninga innan ti år. Med det vedtaket roar det seg i Tamil Nadu til statsminister Rajiv Gandhi i 1989 føreslår ein ny statleg utdanningspolitikk som mellom anna inneber at alle delstatar skal ha særskilde skular for dei skuleflinke der hindi er obligatorisk. Etter ny uro blir Tamil Nadu unnateke frå ordninga, som einaste delstat i India.

Sist oppdatert: 05.10.2015