Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

16.8.2010 vedtek styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum ein samanslåingsavtale som inneber at Nynorsk kultursentrum frå 1.1.2011 har ansvaret for å utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (sjå 7.9.2000, 15.9.2009, 6.9.2010, 5.10.2010, 13.1.2011, 4.9.2014).

All verdas språk

16. august 1991 vedtek den finske Riksdagen lov om heimestyre for Åland. Her heiter det at «landskapet är enspråkigt svenskt. Ämbetsspråket i stats-, landskaps- och kommunalförvaltningen är svenska». Finske statsborgarar har derimot rett til å få ført sine rettssaker på finsk.

Flagget i Åland. Foto: Andriy Baranskkyy CC BY 2.0
Flagget i Åland. Foto: Andriy Baranskkyy CC BY 2.0
Åland er saman med Færøyane og Grønland sjølvstyreområde i Norden. Desse har eigne flagg, nasjonskodar og toppdomene for Internett. Den språklege situasjonen har endra seg mykje frå andre halvdel av 1900-talet. Færøyane har hatt færøysk som offisielt språk sidan 1937 og indre sjølvstyre frå 1948.
Åland har hatt svensk som einaste språk og utvida sjølvstyre frå 1951. Grønland har hatt heimestyre sidan 1979 og sjølvstyre sidan 2009, og frå og med 2009 er kalaallisut einaste offisielle språk der.
Sist oppdatert: 23.01.2017