Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.8.2009 tek kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa det første spadetaket for Garborg-senteret på Bryne (sjå 10.12.2009, 11.12.2009).
 

All verdas språk

17. august 1945 erklærer opprørsleiaren Sukarno at Indonesia er fritt, og med sjølvstendeerklæringa blir bahasa indonesia offisielt språk i Indonesia. Dagen blir feira som frigjeringsdag og nasjonaldag.
Indonesiske flagg. Foto: prazz, flickr.com CC BY 2.0
Indonesiske flagg. Foto: prazz, flickr.com CC BY 2.0
Japan har okkupert Indonesia frå 1942 og gjort slutt på det nederlandske styret frå 1816. Hausten 1944 har Japan lova sjølvstyre for Indonesia, og Partai Komunis Indonesia (PKI) førebur no den administrative oppbygginga av det nye Indonesia. På eit møte tre dagar før har Japan varsla at dei vil gjere Indonesia sjølvstendig 24. august. Ingen av møtedeltakarane veit at USA alt har sleppt to atombomber over Japan, og 15. august overgir Japan seg. Sukarno blir den første presidenten i landet.
Bahasa indonesia byggjer på den prestisjetunge malayalam-dialekten som lenge har vore brukt som eit lingua franca i landet. Få språk har ekspandert raskare. I 1920 brukte om lag 500 000 dette språket. I vår tid er dette blitt til bort imot 40 millionar menneske.
Dei fleste innbyggjarane i Indonesia snakkar minst eitt anna språk i tillegg. Dei er det mange av – om lag 750 ulike språk er dokumenterte i Indonesia.
Sist oppdatert: 06.03.2014