Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.8.1938 melder Norsk Tidend at den nye utgåva av Bibelen på nynorsk er ferdig trykt i eit samla opplag på 30 000 eksemplar. Biskop Ragnvald Indrebø har sidan hausten 1935 arbeidd med den språklege revisjonen av utgåva frå 1921. Den nye utgåva kjem i fleire versjonar, tre på vanleg papir og tre på indiapapir. Utgivar er Det Norske Bibelselskap (sjå 15.7.1921, 15.4.1930 og 31.12.1935).

All verdas språk

18. august 1227 er truleg den dagen då den mongolske herskaren og analfabeten Djengis Kahn døyr. Det mongolske riket strekkjer seg då frå Kaspihavet til Stillehavet.

Kahn blir anerkjend som herskar over mongolane i 1206, og med det er det mongolske riket etablert. I 1208 bestemmer han at det skal innførast eitt alfabet som kan tene til å samle dette riket. Det mongolske alfabetet blir forma av den uiguriske forfattaren Tatar-Tonga og byggjer på det uiguriske. Den historiske linja er likevel lenger enn som så. Det alfabetet som no blir teke i bruk i det mongolske riket, har via omvegar kome like frå gamalhebraisk, brukt av israelittane 3000 år tidlegare.

Mongolriket er på sitt største i 1279, blir delt av Ming-dynastiet etter 1368 og kjem med tida under kinesisk styre. Dette får få språklege følgjer; kinesisk erstattar aldri mongolsk, og i dag er russisk det mest brukte framandspråket. Frå september 2005 erstattar engelsk russisk som første framandspråk i skulen. 

Undervisning i Mongolia. Foto Khasar Sandag / World Bank CC BY 2.0
Undervisning i Mongolia. Foto Khasar Sandag / World Bank CC BY 2.0

Mongolia erklærer sjølvstende i 1911, men det blir med orda like til landet blir formelt og reelt sjølvstendig 6. oktober 1949.

Om lag 95 prosent av innbyggjarane taler mongolsk, som også er det offisielle språket i landet. Det blir skrive med det kyrilliske alfabetet, som blei innført i 1946. Eit initiativ i 1994 om å innføre det gamle mongolske alfabetet att, renn ut i sanden av di språket har endra seg for mykje. Alfabetet blir likevel framleis brukt som ein viktig identitetsmarkør av mongolar i den delen av Kina som ein gong var Indre Mongolia. 
Sist oppdatert: 06.06.2017