Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.8.1839 blir ingeniør Henrik Christian Fredrik Størmer fødd i Trondheim.

19.8.1858 blir målkvinna og redaktøren Synnøve Riste fødd.

19.8.1858 blir tradisjonsmusikaren Sjur Helgeland fødd på Vossestrand.

19.8.1863 blir redaktør Lars Stavnheim fødd i Hå.

19.8.1893 blir forfattaren og historikaren Inge Krokann fødd på Oppdal.

19.8.1940 blir Nils Gunnar Taklo fødd i Herøy. Han er leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar 1993–2003.

19.8.1981 blir journalistog kommunikasjonsrådgjevar Inger Johanne Sæterbakk fødd på Orkanger.

19.8.2013 opnar Nynorsk avissenter i Førde med Arve Sandal som dagleg leiar. Fire journalistar er tekne opp på det første kullet av praktikantar. Senteret har etablert eit reelt samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter i Førde (sjå 2.9.2004). Prosjektet er førebels finansiert av A-media, Firda Media og Vinjefondet (sjå 21.11.2014).

All verdas språk

19. august 1976 har den jødiske teatermannen Avram Goldfaden og teatergruppa hans ei framsyning i Iasi i Romania. Dette blir grunnlaget for eit profesjonelt jødisk teater som seinare blir det jiddiskspråklege teatret i Bukarest.

Etter at tempelet i Jerusalem blei øydelagt i 70 e.Kr., flykta svært mange jødar til Europa, der dei etter kvart gjekk over frå arameisk til å snakke språket der dei kom. På 1100- og 1200-talet blei jødane utsette for brutale forfølgingar i Sentral-Europa, og mange av dei blei isolerte i gettoar. Der utvikla dei eit nytt språk. Dette bygde på sentraltyske og mellomhøgtyske dialektar, skilde seg frå hebraisk og tok over tid opp i seg element frå slaviske språk. Dei som overlevde forfølgingane og svartedauden kring 1350, flykta til Polen og Ukraina. Med seg hadde dei det nye språket jiddisk.

I 1492 blei dei siste maurarane pressa ut frå Spania. Få år seinare kjem dei første jødane til Noreg. Dei taler det som då blir jødespansk og no heiter ladino.

I åra 1814–51 var dei norske grensene stengde for jødar. Dei første som kom til Noreg etter dette forbodet, snakka jiddisk. Det gjer ingen av dei i dag.

Jiddisk var offisielt språk i den uavhengige republikken Ukraina i 1917–20. Før Holocaust kan så mykje som 15 millionar ha snakka jiddisk. I dag taler om lag 3 millionar menneske jiddisk, først og fremst i Israel og USA, dit mange utvandra på slutten av 1800-talet.

Språket er framleis prega av eit ordforråd frå gamal tid, men skil seg mellom anna frå tysk ved at verbet ikkje kjem til slutt i setningane. Om lag 80 prosent av orda skal kunne kjennast att frå tyske dialektar.

I 1978 får forfattaren Isaac Bashevis Singer nobelprisen i litteratur for si dikting på jiddisk.

Sist oppdatert: 23.01.2017