Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


2.8.1841 møter Ivar Aasen biskop Jacob Neumann i Bergen og orienterer han m.a. om studiane sine i sunnmørsmålet. Samtalane fører til at Neumann skriv om Aasen i Bergens Stiftstidende, og frå Neumann får formann Frederik Moltke Bugge i Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab i Trondheim vite om Aasen og planane hans.
 
2.8.1969 sender NRK første episode av Krutrøyk, teksta på nynorsk. Etter 112 episodar med nynorsk tekst og høge sjåartal er det slutt i 1974.
 
2.8.1975 vedtek landsmøtet i Noregs Mållag i Mosjøen å prioritere arbeidet for nynorsk skulemål og for dialektbruk.
 

All verdas språk

 

2. august 1944 blir Det antifascistiske rådet for frigjeringa av Makedonia skipa i Sv. Prohor Pcinjskij sør i Serbia, etter eit initiativ frå Kommunistpartiet i Jugoslavia. Eitt av dei første vedtaka rådet gjer, er at makedonsk skal innførast som forvaltningsspråk i Republikken Makedonia, som då er ein del av den jugoslaviske føderasjonen.

Til då har ein gjerne sett på talemåla i området som bulgarske. Tre språkkommisjonar avklarar form og rettskriving, og 3. mai 1945 blir dei siste avgjerdene tekne, som avisa Nova Makedonija presenterer dagen etter. Det serbiske kyrilliske alfabetet er førebilete, og det makedonske blir særleg forma med avgrensingar mot bulgarsk ved å byggje på dei talemåla i sør som er mest ulike bulgarske talemål. Dette fører også til at mange bulgarismar blir fjerna frå makedonske talemål.

Den dag i dag er likevel makedonsk og bulgarsk nære språk. Då president Kiro Gligorov i Makedonia vitjar Bulgaria i april 1994, har han med eigen tolk, sjølv om president Zjelju Zjelev i Bulgaria meiner han forstår det Gligorov seier. Ei planlagd signering av avtalar blir det ikkje noko av då Gligorov krev ei formulering om at avtalane er skrivne på makedonsk og bulgarsk.

Etter oppløysinga av Jugoslavia har derimot Bulgaria gjerne framheva likskapen, men 22. februar 1999 godkjenner styresmaktene i landet likevel makedonsk som eige språk.

Sist oppdatert: 01.08.2017