Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.8.1960 set NRK i gang regulære fjernsynssendingar.

20.8.2001 legg J.W. Cappelens Forlag saman med Det Norske Samlaget, NRK og Schibsted fram eit anbod om ein nasjonal kunnskapsbase der nynorsk og bokmål skal vere likeverdige målformer. Nynorsk kultursentrum er ein av fleire strategiske samarbeidspartnarar (sjå 23.2.1999, 8.11.2001, 1.7.2002, 31.3.2005, 10.11.2005, 13.12.2005, 19.12.2006, 20.4.2007, 20.8.2008, 19.2.2009, 2.6.2010).

20.8.2008 skipar Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum det tilslutta selskapet Allkunne AS som skal utvikle og drive eit allment nynorsk leksikon på Internett. Randulf Rønningen blir tilsett som første daglege leiar frå 1.9. (sjå 23.2.1999, 20.8.2001, 8.11.2001, 1.7.2002, 31.3.2005, 19.12.2006, 20.4.2007, 19.2.2009, 20.10.2009, 2.6.2010).

All verdas språk

Helsingar frå jorda

20. august 1977 skyt NASA opp den 722 kg tunge, ubemanna romsonden Voyager 2 frå Cape Canaveral for å studere det ytre solsystemet. 

Om bord ligg Voyager Golden Records, ei 12” forgylt koparplate med munnlege helsingar på 55 språk, to skriftlege helsingar frå dåverande president Jimmy Carter i USA og generalsekretær Kurt Waldheim i SN, musikk, foto og naturlydar. Dei 55 språka strekkjer seg frå akkadisk, arameisk og latin til guaratí, mandarin og svensk: «Hälsningar från en dataprogrammerare i den lilla universitetsstaden Ithaca på planeten Jorden».

Satellitten passerer Jupiter i 1979, Saturn i 1980, Neptun i 1989 og var i 2013 på veg ut av solsystemet vårt. Signal kjem framleis attende til jorda, og etter planen skal dei gjere det minst til 2025. Om 300 000 år er romsonden fem lysår unna dobbeltstjerna Sirius.

Første gongen slike meldingar blei sende ut i verdsrommet, var med romsonden Pioneer 10 den 3. mars 1972. Med på ferda og festa til ei antenne er ei forgylt aluminiumsplate 152 x 229 mm med figurane av ein naken mann og ei naken kvinne saman med ulike symbol. Etter ein idé frå Eric Burgess og Richard Hoagland fekk astronomen Carl Sagan og kona Linda Salzman Sagan nokre dagar på seg til å forme innhaldet. Pioneer 11 blir skoten opp 6. april 1973 retning Jupiter og har med seg den same plata, utan noko formidla i verbalspråk.

Nyheiter på samisk

20. august 2001 sender NRK og SVT for første gong nyheitsprogram på samisk – Ođđasat. Då har NRK sendt det samiske tv-programmet ČSV sidan 1990 og radioprogram på samisk i 45 år.

Kulissar frå Manaid-TV (Barne-TV) i 2014, som vert prdusert i NRK Sapmi, Karasjok. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

Kulissar frå Mánáid-TV (Barne-TV) i 2014, som vert produsert i NRK Sápmi, Karasjok. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn / Allkunne

Den 8. november 1946 opnar NRK fast radiosending på nordsamisk frå Tromsø med 21 år gamle Sara K. Hætta i studio. Den første tida er sendinga på 20 minutt kvar veke. Lars Normann Sørensen var blitt programsekretær i Finnmark kringkaster i 1934 og sytte for at ei samisk gudsteneste i Polmak 24. desember 1936 blei teken opp og seinare send på radio. Seinare blir han leiar for NRK i Troms og Finnmark og bestemmer seg for å setje i gang sendingar på samisk – utan løyve frå leiinga i NRK og i strid med offisiell norsk politikk om å assimilere samane.

Fleire blir med og lagar radiosendingane, mellom dei Kathrine Johnsen frå Tana i 1948. Ho blir fast tilsett i 1959, men møter mykje motstand. I eit møte med henne i 1960 hevdar kringkastingssjef Kaare Fostervoll at «om fem år vil samisk språk dø ut, og om ti år er det helt borte». Johnsen driv sendingane åleine i nesten ti år og får tilnamnet «Sameradioens mor».

I åra 1949–64 går sendinga frå Vadsø, seinare frå Tromsø til Sameradioen frå 4. november 1976 blir send frå Karasjok. Frå 1966 går sendingane også til Nord-Finland. NRK tek til med sendingar på sørsamisk i 1973 og på lulesamisk i 1975. 

Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn / Allkunne

Les meir om NRK Sápmi si historie hos NRK.

Sist oppdatert: 21.08.2019