Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

21.8.1841 prentar Bergens Stiftstidende «Selvbiografi» av Ivar Aasen som ein del av biskop Jacob Neumanns artikkel «Ivar Aasen». Dette er det første stykket av Ivar Aasen i ei avis.

21.8.2003 kunngjer Kultur- og kyrkjedepartementet at Sylfest Lomheim er tilsett som direktør i det nye kompetansesenteret som i 2005 skal avløyse Norsk språkråd. Lomheim tek til i stillinga 1.1.2004 (sjå 20.4.1970, 1.2.1972).

21.8.2009 lanserer omsetjingsprogrammet Apertium maskinomsetjing mellom bokmål og nynorsk. Apertium er eit open kjelde-program som sidan 2004 er blitt utvikla ved Universitetet i Alicante i samarbeid med språk- og IKT-miljø i fleire land.

Sist oppdatert: 21.08.2019