Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

22.8.1861 blir offiseren og forfattaren Henrik August Angell fødd i Luster.

22.8.1932 blir forfattaren Jul Haganæs fødd i Aurdal.

22.8.1949 blir språk- og litteraturforskaren Johannes Andreas Nymark fødd.

All verdas språk

22. august 1639 kjøper Francis Day frå East India Company eit stykke land på austkysten av Madras, som etter kvart blir eit bruhovud for engelske handelsinteresser i India. Tidlegare har selskapet etablert seg i Surat (1612), seinare følgjer Bombay (1668) og Calcutta (1690).

Dette handelsveldet dannar grunnlaget for den posisjonen engelsk språk får i India, men den første tida er det portugisisk som tener som lingua franca. Som det første store europeiske handelskompaniet er English East India Company blitt skipa i London 31. desember 1600. Det blir eit selskap som gjennom meir enn 250 år endrar verda både økonomisk og språkleg, både fordi det lenge har moniopol på handelen mellom Storbritannia og Asia, og fordi det har svært vide fullmakter.

I delar av India utøver selskapet alt mynde, jamvel med eigen hær, og frå 1767 kontrollerer det såleis all skatteinngang frå meir enn ti millionar menneske i Bengal nordaust i India. Bengal er på denne tida noko av det mest lukrative som er å finne på jord, «the Paradise of Nations». I 1813 mistar selskapet monpolet på handel med India, 20 år seinare også for Kina.

Den 29. mars 1857 bryt det ut eit stort opprør som er blitt kalla India’s First War of Independence. Opprøret sluttar med ein fredsavtale 8. juli 1858. Ein månad seinare erstattar den engelske kolonimakta selskapet med direkte styre. No raknar det for handelsimperiet, og East India Company blir oppløyst 1. juni 1874.

Sist oppdatert: 21.08.2017