Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.8.1942 blir journalist Roald Ola Helgheim fødd i Jølster.

23.8.1956 blir Valgerd Svarstad Haugland fødd i Norheimsund.

23.8.2018 presenterer Allkunne temasider om nynorsk skjønnlitteratur 1848–2018 ved eit arrangement på Bø vidaregåande skule i Telemark. Grunnlaget er Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø (sjå 28.5.2018). Temasidene inneheld åtte periodeartiklar, tolv kvissar og over 900 oppdaterte forfattarbiografiar.

All verdas språk

23. august 1923 ratifiserer Tyrkia den såkalla Lausanne-traktaten som blei signert i Lausanne 24. juli 1923.

Denne fredsavtalen markerer slutten på den krigstilstanden som har vart like sidan 1914 mellom Tyrkia på den eine sida og Det britiske imperiet, Frankrike, Hellas og ei rekkje andre land på den andre. I avtalen forpliktar Tyrkia seg til “full and complete protection of life and liberty to all inhabitants of Turkey without distinction of birth, nationality, language, race or religion”.

Det heiter også at “notwithstanding the existence of the official language, adequate facilities shall be given to Turkish nationals of non-Turkish speech for the oral use of their own language before the Courts.” Likeins skal ulike minoritetar ha “the right to use their own language”. Den røynda nærmar seg først ved inngangen til 2000-talet.

Sist oppdatert: 18.02.2019