Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.8.2006 opnar Birger Løken i Volda den første Rema 1000-butikken som er skilta på nynorsk.

24.8.2015 signerer ordførarane i Vågå, Lom og Skjåk kommunar og styreleiaren i Nynorsk kultursentrum ein intensjonsavtale om å utvikle Diktarhuset som eit nasjonalt senter for litteratur, dialektar og nynorsk i Lom. Kommunane tok initiativ til eit slikt prosjekt i 2011.

All verdas språk

24. august 79 drep eit vulkanutbrot frå Vesuv alt liv i byen Pompeii på det som den gongen er den italiske halvøya. Byen er truleg blitt grunnlagd på 700-talet f.Kr., og romarane tok kontroll over byen i 89 f.Kr.

Den 6. april 1758 tek arbeidet til med å grave byen fram or eit oskelag som på det meste er 25 meter tjukt. Byen ligg der som eit urørt avtrykk av liv og språk berre nokre tiår etter at Jesus blei krossfesta i Jerusalem. Husveggene er fulle av latinske innskrifter – frå kunngjeringar til reklame. På dei offentlege toaletta i byen er gatelatin flittig brukt, og den skil seg frå klassisk eller litterær latin.

Graffiti på veggen på ein utgraven bygning i Pompeii. Foto: Amphipolis, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Graffiti på veggen på ein utgraven bygning i Pompeii. Foto: Amphipolis, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Latin var i si tid eit regionalt språk brukt i Roma og omlandet Latium rundt byen, som etter romerske legender blei grunnlagd 21. april 753 f.Kr. Truleg talte romarane då ei eldre form for latin. Dei eldste skriftlege spora etter latin er frå 500-talet f.Kr. Etter kvart som Roma veks i makt og mynde og Romarriket blir stormakta, blir også latin eit meir utbreidd språk.

Såkalla klassisk latin blir brukt frå om lag 100 f.Kr. til 200 e.Kr., seinlatin i perioden 200–600. Det latinske alfabetet lånte romarane frå etruskarane, som budde nord for Roma. Då latinen breier seg utover, kjem etruskisk under press og går ut av bruk.

Aust i Romarriket dominerer gresk. Læresveinen Paulus er fødd og oppvaksen i Tyrkia, men skriv romarbreva sine på gresk. Den vestlege delen av Romarriket går i oppløysing i 476, og latin blir delt i fleire romanske språk, men blir også verande det store lærdomsspråket i Europa like til 1700-talet.

Sist oppdatert: 24.08.2017