Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.8.1875 blir skodespelar Agnes Mowinckel fødd i Bergen.
 
25.8.1889 blir diktaren Aslaug Vaa fødd i Vinje.
 
25.8.1921 blir journalist og forfattar Jon Moe fødd i Suldal.
 
25.8.1924 blir fylkesmann Ingvald Johan Ulveseth fødd i Fjell.
 
25.8.1939 blir journalist Harald Bøe fødd på Finnøy.
 
25.8.1958 blir dirigent Bjarte Engeset fødd i Ørsta.
 
 

All verdas språk

 

25. august 1828 erklærer frigjeringsorganisasjonen Treinta y Tres Orientales at det området dei kontrollerer, no er lausrive frå Brasil.
Den søre delen av Banda Oriental aust for Uruguay-elva er blitt invadert av portugisiske troppar i 1816, og året etter har Portugisisk Brasil annektert området. I 1822 blir Brasil sjølvstendig frå Portugal. No følgjer ein fleire år lang krig mellom det brasilianske imperiet og
frigjeringsorganisasjonen.

Den 27. august 1828 signerer Brasil og Argentina den såkalla Montevideo-avtalen. Den legg grunnlaget for Uruguay som sjølvstendig stat, og ei første grunnlov blir innført 18. juli 1830. Landet gjer spansk til offisielt språk, men nord i landet blir både portugisisk og portuñol – ei blanding av spansk og portugisisk – snakka. Landet har knapt historiske minoritetar att, og ein reknar ikkje med at noko urfolksspråk blir brukt i Uruguay i dag.
Også i Brasil bruker svært få urfolksspråk no, og landet er blitt det desidert største landet for portugisisk. For kvar innbyggjar i Portugal som snakkar portugisisk, bur det 16 i Brasil. Grunnlaget for dette er både dei mange innvandrarane frå Portugal og 3,6 millionar slavar som blei frakta hit mellom 1526 og 1870.
Det portugisiske språkmuseet i Brasil
Det portugisiske språkmuseet i Brasil/ museu da língua portuguesa.  Foto: gomezzz, flickr.com CC BY 2.0 
Sist oppdatert: 25.08.2014