Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

26.8.1842 sender Vitskapsselskapet ein arbeidsinstruks til Ivar Aasen der løna er auka til 150 spesidalar i året ”til fortsat Undersøgelse og lexikalsk samt grammatikalsk Bearbeidelse af de norske Dialekter” (sjå 28.2.1842 og 11.11.1847).

26.8.1949 vedtek styret i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap samrøystes at selskapet frå no av berre skal annonsere på nynorsk (sjå7.6.1920, 31.5.1929).

26.8.2002 vedtek styret i NRK at det skal opprettast eit nynorsk kompetansesenter i Førde (sjå 2.9.2004).

26.8.2013 sender styret i Språkrådet eit første omfattande brev til Kulturdepartementet om ein samla norsk ordbokpolitikk. Brevet blir følgt opp med eit lengre notat i 2014 (sjå 3.3.2014).

All verdas språk

26. august 1842 sender Det Kongelige Norske Videnskapers Selskabs Vel i Trondheim ein arbeidsinstruks til Ivar Aasen «til fortsat Undersøgelse og lexikalsk samt grammatikalsk Bearbeidelse af de norske Dialekter».

Selskapet vedtok 28. februar same året å gi Aasen eit årleg stipend for å studere «Bergen Stifts Dialekter». Nokre månader tidlegare har ei oppmoding frå biskop Jacob Neumann i Bergen om å hjelpe «denne mærkelige unge Bonde» nådd fram til Frederik Moltke Bugge i Trondheim. Han er rektor på katedralskulen i byen og preses (leiar) i Vitskapsselskapet.

Bugge rår i november 1841 direksjonen i Vitskapsselskapet til å yte ein årleg «Understøttelessum» til dette «ganske overordentlige videnskabelige, navnlig lingvistiske, Talent». Med årlege stipend frå Trondheim kan Aasen no gå i gang med det arbeidet han har sett seg føre som 22-åring i 1836 – å forme eit norsk skriftspråk ut frå talemåla til folk flest. Frå 1851 får Aasen stipend frå Stortinget og blir med det den første statsstipendiaten. Då har han busett seg i Kristiania.

På veggen hans heng i alle år lite anna enn eitt bilete: eit portrett frå 1841 av den gode hjelparen Frederik Moltke Bugge.

Sist oppdatert: 23.01.2017