Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.8.2004 set Borgarting lagmannsrett ned straffene for dei seks dømde i medlemsjukssaka i Norsk Målungdom (sjå 9.10.2002 og 17.12.2003). Tre blir dømde til fengsel i seks månader, av dette ein månad utan vilkår. To blir dømde til fengsel i 120 dagar, av dette 20 dagar utan vilkår. Éin blir dømd til fengsel i 120 dagar, av dette 15 dagar utan vilkår.

All verdas språk

27. august 1664 rykkjer ein engelsk ekspedisjon under leiing av Richard Nicolls inn i Nieuw Amsterdam på austkysten av Nord-Amerika.

 

Der har nederlendarar i teneste for Geoctroyeerde West-Indische Compagnie vore busette frå 1625 – dei kjøpte øya Manna-hatta for varer til ein verdi av 60 gylden. Nederlendarane gir seg utan strid, Nicolls blir guvernør for den engelske kolonien, og staden skiftar namn til New

York.

 

Byen blir på 1800- og 1900-talet den viktigaste innvandringsportalen til USA. Vel 8 millionar menneske bur i byen, og den New York-baserte organisasjonen Endangered Languages Alliances meiner at innbyggjarane i New York talar om lag 800 språk. I så fall er kvart niande språk på jorda brukt dagleg i The Big Apple.

 

Jente frå Rättvik, Sverige, svensk immigrant i New York, ca 1905-1914. Foto: Augustus Francis Sherman. Kjelde: New York Public Library. Ingen CC.

 

"Jente frå Rättvik, Sverige", svensk immigrant i New York, ca 1905-1914. Foto:  Augustus Francis Sherman. Kjelde: New York Public Library. Ingen CC.

 

Første gongen det uttrykket blir brukt om New York, er truleg i boka The Wayfarer in New York av Edward Martin i 1909. Tidleg på 1920-talet blir apple brukt om dei store prisane i dei mange hesteveddeløpa i byen. Dette spelar journalisten John J. Fitz Gerald i New York Morning Telegraph på når han i fleire artiklar skriv om the big apple, første gongen 3. mai 1921, som ein draum om å vinne der alt kan skje.

Sist oppdatert: 20.05.2015