Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.8.1997 gjer Høgre-byrådet i Oslo framlegg om forsøk med valfri sidemålsundervisning (sjå 6.8.2000).

28.8.2014 held Vinje kommune det første fellesmøtet i ein nasjonal og ein regional komité for A.O. Vinje-jubileet i 2018 (sjå 1.2.2018). 

All verdas språk

28. august 1565 får den spanske admiralen Pedro Menéndez de Avilés landkjenning I Nord-Amerika.

Han er send av den spanske kongen Philip II for å ta kontroll over den nye franske kolonien Fort Caroline ved dagens Jacksonville i Florida. Den franske kapteinen Jean Ribault er samstundes undervegs for å sikre området. Caroline. Menéndez går I land og opprettar ei busetjing som dei kallar St. Augustine. Det blir hevda at Menéndez er den første som held ei katolsk messe i dagens USA. Admiralen tek lett kontroll over Fort Caroline 50 miles nord for St. Augustine. Ribaults skip grunnstøyter, og Menéndez avrettar så godt som alle om bord.

Med denne busetjinga får spansk språk også sitt første fotfeste i det seinare USA, før engelsk – som kjem frå 1607, og etter fransk, som kjem etter i 1718. Spanske låneord i engelsk som skriv seg heilt frå 1500-talet, er mellom anna armada og sombrero.
Seinare utviklar Menéndez det som blir kalla Flota de Indias, ein flåte på om lag 50 skip som går i trafikk mellom Spania og dei spanske koloniane i Amerika. Frå 1763 tek britane makta over området; tida for engelsk er komen. Gleda blir kort: I 1783 mistar England alle sine 13 amerikanske koloniar til den nye unionen USA, men språket blir verande.

Sist oppdatert: 18.02.2019