Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

29.8.1992 opnar prinsesse Märtha Louise den første Nynorsk Festspelveke på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden i Ørsta, med Jon Tvinnereim som formann og Marie Ekset Haug som dagleg leiar. Arrangementet skiftar året etter namn til Dei nynorske festspela.
 
29.8.2003 legg regjeringa Bondevik fram St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014. For første gong har ei kulturmelding eit omfattande språkkapittel. Her går regjeringa inn for ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 (sjå 1.4.2004).
 
 

All verdas språk

29. august 1450 blir det sett opp ein dansk-norsk unionsavtale i Bergen, den såkalla Bebindelsen. Traktaten skal sikre Noreg sjølvstende og jamstilling i unionen.
Begge eksemplara av avtalen er skrivne på dansk. Fram til 1885 er no dansk de facto det einaste offisielle skriftspråket i Noreg. Mellomalderen gjennom var skriftspråk noko som helst høyrde dei øvre sjikta og eliten til. Kring 1300 kunne berre eit lite mindretal lese og skrive. Det mindretalet var dei som dreiv med handel, forkynning eller på anna vis utøvde makt. Men der var også nokre frå allmugen.
Dansk språk tek gradvis over fram mot reformasjonen i 1536, og med det aukar avstanden mellom skriftkultur og talemål. No oppstår eit system av skriftspråket dansk, lesespråket dansk med norsk uttale, og norske dialektar. Dei fleste av dei geografiske talemålsskilnadene som dagens dialektar representerer, blir forma alt i katolsk tid.
Det er også i høgmellomalderen at mange av dei organiserande grunnstrukturane i det norske samfunnet blei etablerte. Mange av grensene mellom administrative eller kyrkjelege einingar følgjer topografiske skilje, og måten samfunnet blir organisert på, får følgjer for dei sosiale kontaktmønstera. Den språkkontakten dette inneber, er med og utviklar dei talemålsskilnadene som i neste omgang blir dialektgrenser.
Framover mot 1500-talet var hovudtrekka i det norske dialektsystemet etablert, og dei seinare endringane har stort sett vore små. Vår tids talemålsskilnader er som lydspor etter samfunnsformasjonen i mellomalderen. At desse talemåla er så utbreidde også på 1700- og 1800-talet og vidare inn i vår tid, er ein nødvendig føresetnad for Ivar Aasens verk.
Sist oppdatert: 07.03.2014