Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.8.1961 blir Noregs Elev- og Studentmållag skipa med Eirik Aksel Larsen som første formann. Organisasjonen skiftar namn til Norsk Målungdom i 1972.

All verdas språk

3. august 1960 blir den tidlegare franske kolonien Niger i Vest-Afrika uavhengig. 

Frå 1200-talet kontrollerte det nomadiske tuareg-folket delar av området, og etter skiftande stammemotsetnader blei Niger fransk koloni i 1922. Franske styresmakter har frå 1956 drøfta framtida for sitt eige kolonivelde, og ein politikk for auka sjølvstyre blir innført frå 1957.

Hausa-folket utgjer over halvparten av innbyggjarane. Desse er det også mange av i land som Nigeria, Ghana og Kamerun. Etter arabisk, fransk, engelsk og swahili er dermed hausa eit av dei største språka i Afrika. Hausa er eit av fleire nasjonalspråk i Niger, medan fransk er det offisielle språket, fastsett i grunnlova av 26. desember 1992. Med sjølvstende frå 1960 blir landet lenge styrt av eit militært eittpartiregime.

I dag er Niger eit av dei minst utvikla landa i verda.

Skulebarn i Niger (2013). Foto: Colin Warren, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Skulebarn i Niger (2013). Foto: Colin Warren, Flickr.com CC BY-NC 2.0. 

Sist oppdatert: 03.08.2017