Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

30.8.1973 kjem første nummeret av Bømlo-Nytt ut på Finnås med Else-Marie Ovesen som utgivar og redaktør.

30.8.1993 blir Ivar Aasen-stiftinga skipa i Ørsta. Føremålet er å arbeide for nynorsk skriftkultur, særleg å realisere planane om Ivar Aasen-senteret i Ørsta/Volda som det har vore arbeidd med sidan 1990, og arrangere Dei nynorske festspela. Etter kvart blir 21 institusjonar og organisasjonar frå heile landet med i stiftinga, som i 1998 skiftar namn til Nynorsk kultursentrum.

30.8.2007 streikar elevar ved vidaregåande skular i Sauda, Ørsta, Volda, Sandane, Kristiansand, Bergen og Oslo for at nynorskelevar skal få læremiddel til same tid og same pris som bokmålselevane.

30.8.2013 blir den katolske messa for første gong lesen på nynorsk i St. Olavs kirke i Oslo. Tekstane er henta frå den første nynorske utgåva av messeboka Missale parvum. Messeboka er omsett av pater Arnfinn Haram,, Haldor Slettebø, Helge Gudheim og Ola Breivega. Omsetjinga skal i neste omgang godkjennast av Paven.

 

All verdas språk

30. august 1999 røystar eit stort fleirtal på Aust-Timor for sjølvstende frå Indonesia. Militære styrkar grip inn, og etter harde kampar blir landet sjølvstendig 20. mai 2002.

I Portugal fell Salazars diktatorregime etter den såkalla nellikrevolusjonen 25. april 1974, og 28. november 1975 kunngjer Aust-Timor sjølvstende frå Portugal. Få dagar seinare invaderer indonesiske styrkar landet, og landet blir ein indonesisk provins. Fram til 1999 blir truleg over 100 000 menneske drepne i konfliktar som følgjer av denne okkupasjonen, og når dei indonesiske styrkane forlèt landet, øydelegg dei det dei kan.

Det går eit klart språkskilje blant dei som har kjempa for fridom og sjølvstende. Dei eldre hallar til portugisisk, dei yngre til bahasa indonesia, medan somme føretrekkjer tetum, det største av minoritetsspråka i landet. Dei yngre taper: Aust-Timor er det einaste landet i Asia der portugisisk er offisielt språk – i tillegg til tetum.

Ei barnebok på tetum, trykt lokalt for eit bibliotek. Foto: Ellen Forsyth CC BY 2.0
Ei barnebok på tetum, trykt lokalt for eit bibliotek. Foto: Ellen Forsyth, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
Sist oppdatert: 31.08.2017