Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

31.8.1879 blir Marie Haakonsen fødd i Oslo. Ho er i mange år administrativ medarbeidar i nynorskavisene Den 17de Mai og Norsk Tidend.
 
31.8.1942 blir scenograf Helge Hoff Monsen fødd i Bergen.
 

All verdas språk

 
31. august 1989 vedtek styresmaktene i Moldova ei språklov som fastset at språket i landet, då kalla moldovisk, skal skrivast med latinske bokstavar. Det kyrilliske alfabetet har til då vore brukt i åra som republikk i Sovjetunionen.
Den 27. august 1991 erklærer Moldova seg som sjølvstendig republikk. I sjølvstendeerklæringa heiter det at det offisielle språket i landet skal vere rumensk. På dagen tre år seinare vedtek parlamentet ei grunnlov der det offisielle språket blir kalla moldovisk. Språkleg, men ikkje politisk, er moldovisk og rumensk langt på veg det same språket.
I Moldova blir 31. august feira som dagen for Limba Noastra, Vårt språk.
Sist oppdatert: 10.03.2014