Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.8.1946 opnar riksprogramsjef Olav Midttun den nye museumsbygningen i Aasen-tunet (sjå 21.12.1938, 13.6.1939 og 14.3.1940).
 
 

All verdas språk

4. august 1994 vedtek det franske parlamentet ei lov om bruken av fransk språk, loi Toubon.

Denne lova inneber at fransk skal brukast i regjeringsdokument, all offentleg og kommersiell annonsering, på alle arbeidsplassar, i kommersielle kontraktar, i alle skular som er finansierte av den franske staten, og endå meir. Lova regulerer ikkje privat, ikkje-kommersiell kommunikasjon til dømes på Internett, heller ikkje bøker, filmar og offentlege foredrag. Derimot skal fransk brukast i all kringkasting unnateke musikalar og originalversjonar av filmar. Lova gjeld formelt også for vitskaplege konferansar, men i praksis blir dette ikkje følgt.

Skular som ikkje gir undervisning på fransk, kan ikkje få offentleg støtte, og dette svekkjer dermed bruken av regionale språk som bretonsk og oksitansk. Lova definerer også strenge reglar for bruken av utanlandske ord i kontraktar, marknadsføring m.m. I annonsar er det nok at teksten er omsett til fransk i ein note. Det blir forbode å bruke utanlandske ord og uttrykk der det finst tilsvarande franske. Produktnamn skal vere på fransk, men kan ha namn på andre språk i tillegg. Alle dokument som inneheld informasjon eller krav som har noko å seie for det arbeidet nokon skal gjere, skal vere på fransk.

Det blir gjort unntak for dokument som kjem frå andre land, men dette har domstolane tolka strengt. I 2000 blir såleis eit fransk dotterselskap av General Electric dømd til ei bot på 500 000 euro og ei dagmulkt på 20 000 euro for å ha brote lova.

Polen og Mexico har liknande lover. Parlamentet i Iran innfører 5. desember 1996 eit lovforbod mot utanlandske ord og namn. Det gjer også dumaen (parlamentet) i Russland 5. februar 2003 – utanlandske ord skal ikkje brukast «der høvelege russiske ord finst». 

Foto: Christian Petit, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Christian Petit, flickr.com CC BY 2.0
Sist oppdatert: 22.02.2019