Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.8.1813 blir Ivar Aasen fødd i Ørsta.
 
5.8.1973 går landsmøtet i Noregs Mållag inn for at «statsløyvingane til pressa blir meir rettvist fordelte mellom målgruppene» (sjå 19.1.1969, 13.4.1973, 18.4.2002, 19.1.2009, 19.2.2009). På leiarplass i Dag og Tid skriv Tor Gabrielsen at eit slikt krav om språkkvotering i pressa «smakar for mykje av surmaga målmannspedant».
 
5.8.2013 blir 200-årsdagen til Ivar Aasen feira over heile landet. Hovudmarkeringa er i Ivar Aasen-tunet, med debatt om språkpolitikk der åtte politiske parti er representerte og stor fødselsdagsfest om kvelden med tale av statsråd Hadia Tajik. Til denne dagen legg Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum fram hundreårserklæringa, og aasentunet.no publiserer 209 brev skrivne til Ivar Aasen Same dagen er heile utgåva av Bergens Tidende på nynorsk.
 

All verdas språk

 
5. august 1813 blir diktaren, språkforskaren og språkfinnaren Ivar Aasen fødd i Ørsta.
22 år set han seg føre å utvikle eit norsk skriftspråk som byggjer på daglegtalen over heile landet. Med éin fot i opplysningstida og éin i romantikken går han hausten 1842 laus på dette arbeidet i systematisk form. Fram til 1868 reiser han på kryss og tvers i Noreg for å samle inn prøver av talemåla i landet, frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. Nær 27 000 km seinare har han ferdig Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873) med om lag 45 000 oppslagsord for skriftspråket nynorsk.
19 år gamal gir han ut dei første dikta sine i 1833. Den 5. januar 1849 publiserer han den første trykte teksten på nynorsk, «Samtale imellem to Bønder (om Begivenhederne i Udlandet)» i Morgenbladet. I 1863 kjem dikt- og songsamlinga Symra, med nye utgåver i 1867 og 1875. Fremst av songane står «Nordmannen», som er blitt Den norske allsongen.
I alt gir han ut 38 bøker og småskrifter, publiserer 100 dikt og gjendiktingar og 99 artiklar og prosastykke. Posthumt kjem det ut svært mange tekstar av Ivar Aasen – 141 dikt og gjendiktingar, 124 artiklar og prosastykke, brev og dagbøker, og forarbeid til ordboka og grammatikken. Til slutt tel boksamlinga hans om lag 2800 bøker og skrifter på minst 20 språk. Sjølv kunne han lese 10 språk; uttalen var det verre med.
Ivar Aasen døyr i Kristiania 23. september 1896 og blir ført til jorda seks dagar seinare på Vår Frelsers gravlund.
Les ein større biografi om Ivar Aasen.
Sist oppdatert: 08.01.2015