Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
6.8.2000 tek Høgre-byrådet i Oslo til orde for at elevane i vidaregåande skule ikkje lenger skal ha obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. Liknande framlegg kjem frå ulike kantar av landet dette året (sjå 28.8.1997).
 

All verdas språk

6. august 1960 innfører Kypros ei grunnlov som slår fast at gresk og tyrkisk er offisielle språk i landet. Lover og andre offentlege dokument skal liggje føre på begge språka, og både grekarar og tyrkarar skal få offentlege dokument på sitt eige språk.
Gatefoto frå Kypros. Foto: John Higgins, CC BY 2.0
Gatefoto frå Kypros. Foto: John Higgins, CC BY 2.0
Kypros har armensk, kypriotisk arabisk og romanés som minoritetsspråk. Øya har vore styrt av mange imperium og herskarar, medrekna bystaten Venezia. Etter fleire hundreår i det osmanske riket var Kypros britisk forvaltningsområde frå 1878 til 1960, og den dag i dag er det venstrekøyring som gjeld.
Sjølvstendet frå 1960 varer i 15 år, til Tyrkia i 1975 okkuperer ein tredel av øya. I landsbyen Kormakliti nordvest på Kypros var kypriotisk arabisk det vanlege språket like sidan 1000-talet, men det tyrkiske regimet har flytta dei fleste innbyggjarane bort frå Kormakiti, og språket er dermed så godt som ute av historia.
Sist oppdatert: 06.08.2014