Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
 
7.8.1976 vedtek landsmøtet i Noregs Mållag i Rauland slagordet ”Tal dialekt – skriv nynorsk” og eit nytt prinsipprogram. NMU-aksjonen frå året før blir no eit årleg fellestiltak til utpå 1980-talet (sjå 17.2.1975).
 

All verdas språk

 
7. august 1976 vedtek landsmøtet i Noregs Mållag slagordet ”Tal dialekt – skriv nynorsk”.
Norsk Målungdom har i februar året før gjennomført den første landsomfattande aksjonen for meir bruk av dialekt, og denne aksjonen blir no eit årleg fellestiltak til ut i 1980-åra. Aksjonen legitimerer at dialekt kan brukast i alle samanhengar, og endrar dei neste 20 åra munnleg språkpraksis i Noreg. Ut på 1990-talet har så vel bankar som flyselskap akseptert at dialektar kan brukast i alle høve, og i 1997–98 har 25 prosent av all radioreklame innslag av dialekt.
Høyr Rune Nilson i NRK ta ei dialektreise:
 
<
I ei spørjeundersøking i 2009 er 71 prosent litt eller heilt usamde i at dialektane blir brukte for mykje. Kvinnene er meir tolerante til dialektbruken enn mennene, og det er ein svak tendens til at dei yngre aksepterer det meir enn dei eldre gjer. Med meir utdanning er det også fleire som er usamde i at dialektane blir for mykje brukte. Dei med lite utdanning vil gjerne ha mindre språkvariasjon enn dei med mykje utdanning. Di meir ein person tener, di meir samd er vedkomande i utsegna om at dialektane blir brukte for mykje. Geografisk er det ein svak tendens til at austlendingane er noko meir reserverte til bruk av dialekt enn innbyggjarane i resten av landet. Heile 77 prosent er i 2009 heilt eller litt samde i at programleiarar i riksdekkjande radio- eller tv-program snakkar på dialekt.
Sist oppdatert: 06.03.2014