Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
 
8.8.1838 instruerer Kyrkjedepartementet i brev middelskulane og dei høgare skulane til å følgje ”den sædvanelige Methode” i rettskrivinga, saalenge denne benyttes i vort officielle Lov- og Forretningssprog, saavelsom af de allerfleeste af Rigets dannede Indvaanere”. Med dette vil styresmaktene stoppe tendensane til ei ortofon rettskriving, men det svekkjer også fornorskinga av det danske skriftspråket.
 
8.8.1879 sender Kyrkjedepartementet ut rundskriv om at ”Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog” (sjå 14.2.1878, 14.5.1878, 2.5.1885).
 

All verdas språk

 
8. august 1809 blir den kroatiske språkforskaren og politikaren Ljudevit Gaj fødd.
Han blir ein av dei fremste i ei kroatisk nasjonalistrørsle i 1830-åra. Gaj vil gi serbarane og kroatane eit felles skriftspråk. Det grunnlaget er alt forma av serbaren Vuk Stefanović Karadžić. For Gaj står det no mest om rettskriving. Han meiner det latinske alfabetet høver betre enn det kyrilliske og legg i 1835 fram eit slikt modifisert alfabet. Alfabetet blir teke i bruk, med modifiserte versjonar også for slovensk og makedonsk, medan serbisk, bosnisk og montenegrinsk bruker det kyrilliske.
Den 6. januar 1835 kjem også første nummeret av avisa Novine Horvatske (Kroatisk nytt) i hans regi; i 1842 kjem også eit forlag. Gaj døyr 20. april 1872.
I Kroatia blir 2. november gjerne feira til minne om ein annan språkreformator, Ivan Broz. Han gir i 1892 ut boka Hrvatski pravopis (Rettleiing i kroatisk), som får mykje å seie for normeringa av moderne kroatisk. Etter ei første markering i 1991 vedtek det kroatiske parlamentet i 1997 at 11.–17. mars skal feirast som dagar for kroatisk språk. Bakgrunnen er ei erklæring om kroatisk språk, som ei gruppe kroatiske intellektuelle offentleggjorde i den jugoslaviske avisa Telegram 17. mars 1967.
 
Muzej Ljudevita Gaja i Krapina i Kroatia blir opna i 1966.
Sist oppdatert: 08.01.2015