Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.8.1871 blir fråhaldstalaren Anna Birkeland fødd.
 
9.8.1874 blir forfattaren Idar Antonius Handagard fødd i Kristiansund.
 
9.8.1920 blir teatersjef Tormod Skagestad fødd i Krødsherad.
 
9.8.1963 blir forfattaren Arne Hjeltnes fødd i Kristiansand.
 
 

All verdas språk

 
9. august 1940 blir Den estiske sovjetiske sosialistrepublikken formelt ein del av Sovjetunionen etter sovjetrussisk invasjon 17. juni og formell skiping av republikken 21. juli. Tyske styrkar okkuperer landet i 1941–44.
Det sovjetiske styret driv seinare ei russifisering som set estisk kultur og språk under sterkt press, særleg ved at store mengder estlendarar blir deporterte. Frå å utgjere 88 prosent av alle innbyggjarane i 1941 tel estlendarane 62 prosent i 1989.
Den 20. august 1991 erklærer Estland seg som sjølvstendig stat, og ein ny politikk for å styrke estisk språk blir innført. Den 6. mars 1995 vedtek såleis parlamentet at alle andre språk enn estisk er utanlandske.
Parade i Tallin, Estland. Foto: ToBreatheLikeOne, flickr.com CC By 2.0
Parade i Tallin, Estland. Foto: ToBreatheLikeOne, flickr.com CC By 2.0
Få enkeltpersonar har gjort meir for estisk enn den estiske språkforskaren Johannes Aavik. 25 år gamal tek han i 1905 til på arbeidet med å standardisere estisk som skriftspråk. Programmet sitt presenterer han i 1912 i pamfletten Tuleviku Eesti-keel («Det estiske språket i framtida»). Det inkluderer å utvikle ein original grammatikk med trekk frå ulike språk, og nokre eigne språklege oppfinningar, også i ordforrådet. Aavik endrar estisk frå å vere eit språk med markerte tyske trekk til å bli eit meir sjølvstendig estisk språk.
Han flyktar til Sverige i 1944 og døyr i eksil i Stockholm i 1973, 93 år gamal.
Sist oppdatert: 06.03.2014