Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.12.1939 kjem første nummeret av Bygdebladet ut i Skånevik med Sverre Tveito som redaktør. Siste nummeret kjem 24.5.1942.

1.12.1955 blir Kringkastingsringen for å fremje bruken av nynorsk og dialekt i radio og fjernsyn blir skipa i Oslo med Magne Oftedal som første formannen. Magne Rommetveit har drive i gang den nye organisasjonen saman med Arthur Klæbo, Hartvig Kiran og Magne Skodvin.

1.12.1969 er Nynorsk Pressekontor i drift, skipa av Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen, med Aani Rysstad som redaktør og Viking Mestad som første styreformannen. Målet er å få meir pressestoff på nynorsk.

1.12.1995 vedtek Odelstinget med 55 mot 22 røyster i formålsparagrafen for NRK AS å ”fremme bruk og respekt for norsk språk og passe på at våre to offisielle målformer er representert med minst 25 pst. av ordsendingene i radio, fjernsyn og NRKs informasjonsvirksomhet”. Lagtinget sluttar seg til 18.12. (sjå 20.4.1970).

1.12.2013 blir Norsk salmebok teken i bruk. Av 942 norske salmar er 367 eller 39 prosent på nynorsk.. 

All verdas språk

Den 1. desember 1998 ligg Woerdeboek van de Nederlandse Tal føre i 40 band. Arbeidet med denne nederlandske ordboka har teke 147 år, og innsamlinga av materiale stoppa i 1976. Verket utgjer 45 000 sider.

Grunnlaget for den første offisielle «ordboka» for nederlandsk legg språkforskaren Matthijs Siegenbeek med ei avhandling om rettskriving i 1804. Rettskrivinga til Siegenbeck er omstridd, men gjeld fram til Matthias de Vries og Lammert te Winkel gir ut Woordenboek der Nederlandsche Taal i 1864–83.

Deira rettskriving for nederlandsk innfører Belgia i 1864, medan Nederland kjem etter i 1883. For skulane innfører Nederland ei forenkla rettskriving i 1934. Belgia vedtek i 1946 og Nederland i 1947 ei rettskriving som mellom anna inneber at nederlandsk ikkje lenger har kasus.

Ei ordbok som får oppnamnet Groene Boekje (den vesle grøne boka), kjem med nye utgåver kvart tiår frå 1954 og gjeld som rettskriving i grunnskulen og i statlege dokument. Det oppstår tvil og strid om kva endringar som gjeld, og difor kjem den alternative Witte boekje (den vesle kvite boka) ut i 2002. Den grip tilbake til rettskrivinga før ein del endringar som kom i 1995, og blir brukt av mellom anna ein del aviser.

Sist oppdatert: 23.03.2017