Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


10.12.1850 vedtek regjeringa i kongeleg resolusjon at Ivar Aasen skal få 100 spesidalar frå Oplysningsvæsenets Fond for første halvår 1851 slik at han kan ”fortsætte sine Forskninger” (sjå 21.7.1851).
10.12.1894 annonserer Det Norske Samlaget for prøvenummeret av Syn og Segn, med Rasmus Flo, Arne Garborg og Moltke Moe som skriftstyre. Bladet skal ha vore ferdig i november.
Syn og Segn i 2014-utgåve. Foto: Allkunne.
Syn og Segn i 2014-utgåve. Foto: Allkunne.
10.12.1985 vedtek Odelstinget samrøystes i lov om grunnskulen på ny allmenn røysterett ved val av skriftleg opplæringsmål (sjå 23.6.1915 og 22.4.1969). Lagtinget godkjenner lova samrøystes 16.12.
10.12.2009 legg Familie- og kulturkomiteen i Stortinget fram innstilling om statsbudsjettet for 2010. Ein samla komité har denne merknaden: «Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer» (sjå 12.10.2004, 6.11.2007, 10.3.2008, 17.8.2009, 1.4.2008, 16.4.2008, 13.5.2009, 11.12.2009, 16.6.2010).

10.12.2015 gir Kulturdepartementet oppdraget med å skrive brukarrettleiing for den trykte utgåva av Norsk Ordbok til Høgskulen i Volda. Etter fleire pålegg frå Kulturdepartementet har Universitetet i Oslo likevel sagt frå seg dette oppdraget, som var ein del av løyvinga til Norsk Ordbok i 2015.

All verdas språk

10. desember 1889 får George Safford Parker patent for sin fyllepenn. Første gongen ein slik skrivereiskap er dokumentert, er truleg i 953, då kaliffen Ma’ād al-Mu’izz i Maghreb får ein penn som ikkje søler, og som held på blekket.

På 1700- og 1800-talet arbeider mange med saka, og den romanske oppfinnaren Petrache Poenaru får 25. mai 1827 eit fransk patent for ein fyllepenn med patron som kan skiftast.
Det kommersielle gjennombrotet kjem likevel mot slutten av hundreåret – Waterman Pen Company blir etablert i New York i 1884, Parker Pen Company same stad fire år seinare. Fram til 1920-åra er Waterman marknadsleiande, så tek Parker over til kulepennen skiplar marknaden.
Sist oppdatert: 05.01.2016