Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


11.12.1811 seier jernverkseigar Jacob Aall i ein festtale i Arendal for det nye universitetet i Kristiania at ”paa en Høiskole vil uden Tvivl denne viktige Gjenstand ydes fortrinlig Opmærksomhed. Sproget vil vorde beriget med de mange fyndige og udtryksfulde Ord og Ordføininger, som forjoges af vore Skrifter, men end høres i vore Fjeldstuer”.
 
11.12.1964 vedtek Stortinget samrøystes å opprette Norsk kulturfond ”til fremme av kunst og kulturvern”. Frå og med 1965 inneber dette ei innkjøpsordning til bibliotek for ny norsk skjønnlitteratur. I retningslinjene for litteraturtiltak heiter det mellom anna at ”den nynorske litteraturen bør støttes ved særskilte tiltak”. Dette fører til eiga støtteordning for nynorsk litteratur frå 1966.
 
11.12.2009 løyver regjeringa Stoltenberg 7 millionar kr til utstillingsdelen av Garborgsenteret på Bryne, og følgjer med det opp den samla komitémerknaden i budsjettinnstillinga frå familie- og kulturkomiteen (sjå 12.10.2004, 6.11.2007, 10.3.2008, 1.4.200816.4.2008, 13.5.2009, 10.12.2009, 16.6.2010).

All verdas språk

11. desember 1910 døyr den norske misjonæren og språkforskaren Lars Skrefsrud i Benagaria i India.
Han kom til India 13. desember 1863 og opna saman med den danske misjonæren Hans Peter Børresen misjonsstasjonen Ebenezer i Benagaria 26. september 1867. Med det skipa dei to også Santalmisjonen.
Santalifolket i Aust-India utgjer i dag om lag 10 millionar menneske og er den største folkegruppa i India som framleis held på sitt urfolksspråk. Ein del bur også i Bangladesh og Nepal. Skrefsrud meiner det er mogleg både å styrkje santalane sin kulturelle identitet og omvende dei til den kristne trua.
Mange frå nomadefolket santalane har frå slutten av 1700-talet busett seg i det området som då blei kalla Santal Parganas. Området er blitt oveerfolka, og for å betre levekåra har Børresen og Skrefsrud frå 1881 fått mange til å flytte til delstaten Assam. Der grunnlegg dei ein kristen koloni, og Skrefsrud gjer sitt til at godseigarane mistar privilegia sine gjennom ei ny jordlov i 1872.
Skrefsrud kan både hindi, bengali og sanskrit, og han er den første europearen som meistrar språket santali. Dette er eit språk med særmerkte strupelydar, og dei lærer han seg ved hjelp av eit laryngoskop, ein strupespegel. Han får til abc-boka Pahti Puti og leseboka Dosra Puti, gir i 1873 ut A Grammar of the Santhal Language, i 1886 salmeboka Seren Puti med 173 salmar og i 1887 The Traditions and Institutions of the Santhals. Han omset Luthers katekisme og dei fire evangelia til santali, og han samlar vel 13 000 oppslagsord til ei ordbok for santali.
Den norske misjonæren Paul Olaf Bodding fører arbeidet vidare, gjer ferdig ordboka i fem band 1933–36 og lagar eit latinsk alfabet for santali. I 1925 presenterer språkforskaren Raghunath Murmu derimot alfabetet ol chiki for santalspråket og skriv sjølv om lag 150 bøker med dette alfabetet, som no er vanleg for santali.
Sist oppdatert: 01.04.2014