Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

12.12.1888 er Elias BlixJohannes Belsheim og Matias Skard ferdige med omsetjinga av Det nye Testamente til landsmål (sjå 17.6.188112.10.1889 og 12.2.1890).

Les meir om bibelomsetjing.
 
12.12.1917 får kyrkjeminister Jørgen Løvland framlegg til ny rettskriving for landsmål og riksmål frå ei nemnd som har arbeidd i eitt år med å skape tilnærming mellom dei to målformene. Berre ni dagar seinare fast regjeringa denne norma (sjå 21.12.1917).

Jørgen Løvland. Foto: Statsministerens kontor.

Jørgen Løvland. Foto: Statsministerens kontor.

12.12.2006 vedtek fylkestinget i Møre og Romsdal med 32 mot 15 røyster at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket i fylket.

12.12.2018 gir Kulturdepartementet eit ekstratilskot på 800 000 kroner til Nynorsk Pressekontor i 2018. Tilskotet skal gå til arbeidet med å utvikle ein nynorskrobot for automatisk omsetjing av tekstar frå bokmål til nynorsk.

12.12.2018 vedtek Vinje kommunestyre med 22 mot 2 røyster ei samla investeringsramme på 33 millionar inkl. mva til bygging av Vinje-senteret i perioden 2019–2022 (sjå 14.12.2017). Løyvingar frå staten og fylkeskommunen på 10,4 millionar kjem til frådrag (sjå 5.12.2018).

12.12.2018 vedtek Stortinget samrøystes å løyve 8,4 millionar i statleg investeringstilskot til bygging av Vinje-senteret (sjå 6.12.2018). 

 

All verdas språk

12. desember 1993 innfører Russland ei ny grunnlov der det heiter at russisk skal vere statsspråket i heile nasjonen.

Dei enkelte republikkane har høve til å fastsetje sine eigne statsspråk som blir brukte i tillegg til russisk. Dette får også følgjer for skriftsystemet. Etter den russiske revolusjonen i 1917 blei det latinske alfabetet teke i bruk for mange minoritetsspråk, men i 1930-åra endra Josef Stalin denne politikken til ei hardhendt russifisering. Stalin innfører med stor konsekvens det kyrilliske alfabetet også for mange minoruitetsspråk. Georgisk og armensk blir rekna som språk med så tunge litterære tradisjonar at desse språka framleis blir skrivne med sine tradisjonelle alfabet.

Då Sovjetunionen blir avvikla i 1991, går fleire språk attende til eller over til latinsk skrift, til dømes moldovisk og azeri. Det kyrilliske alfabetet blir for mange ståande som eit symbol for den oppløyste unionen, som det gjeld å halde avstand til.  

Skilt utanfor Moskva med kyrilliske og latinske bokstavar. Foto: Paul L. Dineen, flickr.com CC BY 2.0
Skilt utanfor Moskva med kyrilliske og latinske bokstavar. Foto: Paul L. Dineen, flickr.com CC BY 2.0
Sist oppdatert: 22.02.2019