Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

13.12.1948 kjem første nummeret av Firdaposten ut i Florø med Guttorm Hansen som redaktør.
 
13.12.1951 vedtek Stortinget med 95 mot 24 røyster å opprette Norsk språknemnd med 15 representantar for kvar av målformene.
 
13.12.1951 legg Foreldreaksjonen mot samnorsk fram 92 500 underskrifter ”mot samnorsk”. Underskriftsaksjonen held fram, og 1.6.1953 er det samla inn 407 119 underskrifter. I 1954 går departementet med på at lærebøker med moderate former skal kunne brukast. 
 
13.12.2005 vedtek Stortinget med 85 mot 23 røyster å løyve 1,5 millionar kroner til Nynorsk digitalt leksikon i 2006 (sjå 23.2.1999, 20.8.2001, 8.11.2001, 1.7.2002, 31.3.2005, 19.12.2006, 20.4.2007, 20.8.2008, 19.2.2009, 20.10.20092.6.2010). 
 
13.12.2009 blir Erik Ulfsby tilsett som teatersjef på Det Norske Teatret frå 1.1.2011.
 
13.12.2011 melder Framtida.no at Sparebank 1 har lansert nynorskversjon av mobilbanktenesta si (sjå 11.11.2004).

All verdas språk

13. desember 1938 sluttar den danske regjeringa seg til kravet frå sosialdemokratane og sjølvstyretilhengjarane på Færøyane om at færøysk skal vere jamstilt med dansk på Færøyane. Striden om dette har då vart sidan 1908, men på Færøyane har det vore arbeidd lengre med saka.

Den færøyske språkforskaren og etnografen Jens Christian Svabo samla i 1781–82 mellom anna inn 50 balladar på færøysk, og ikkje minst ordsamlingar med om lag 8000 oppslagsord.
Denne dokumentasjonen byggjer presten og filologen Venceslaus Ulricus Hammershaimb vidare på då han etablerer moderne færøysk skriftspråk og diktekunst. I 1846 formar han ein færøysk, etymologisk ortografi som først blir publisert i 1891. Etter studium i København reiser han våren 1847 attende til Færøyane. Ved sida av prestegjerninga samlar han no inn viser, segn og anna tradert dikting, og han dokumenterer ulike færøyske talemål og samanhengen til norrønt. Den 31. desember 1855 held Hammershaimb nyttårspreika si i Kvívík på Færøyane og les for første gong evangeliet på færøysk. Den gongen er det uhøyrt.
Først 13. mars 1939 avløyser færøysk dansk som kyrkjespråk på Færøyane. Då har endringar kome på andre samfunnsområde. Frå 11. april 1924 kan forhandlingane i rettssaker på Færøyane førast på færøysk i staden for dansk viss dei saka gjeld, er færøyingar. Dokumenta i slike saker kan vere på færøysk, men må også omsetjast til dansk viss lova eller den tiltalte krev det.
Skilt frå Torshavn. Foto: Solja Virkkunen, flickr.com CC BY 2.0
Skilt frå Torshavn. Foto: Solja Virkkunen, flickr.com CC BY 2.0

Den 4. januar 1944 vedtok Løgting at færøysk og dansk skal vere jamstilte språk i rettsvesenet på Færøyane. Vedtaket blir sett ut i livet etter den britiske okkupasjonen 1940-45. Den 14. september 1946 røyster eit fleirtal av innbyggjarane på Færøyane for færøysk sjølvstyre, og med ei lov om sjølvstyre frå 1. april 1948 blir Færøyane sjølvstendig.
Færøysk skal vere hovudspråket, og i skulen skal dansk vere andrespråk. Alle færøyingar skal lære det så godt at dei kan bruke det flytande. Først 1. juni 1962 blir danske stadnamn på poststempla erstatta med færøyske.
Sist oppdatert: 25.08.2014