Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.12.1875 publiserer Bud for Menigmand omsetjingar av «Deilig er jorden» og «Alltid freidig» til landsmål av Klaus Høyem.

14.12.2010 løyver regjeringa Stoltenberg to millionar kr til Det Multi Norske, ein teaterskule for fleirkulturelle skodespelarar ved Det Norske Teatret. Løyvinga kjem i tillegg til 750 000 kr i statsbudsjettet for 2011. Den treårige utdanninga blir gjennomført frå 2012 i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag og skal gi studentane minst eitt års engasjement ved teatret. To kull på til saman fire kvinner og fire menn skal takast opp.

14.12.2016.vedtek fylkestinget i Hordaland med 41 mot fire røyster at Hordaland bør bli ein del av Vestlandsregionen. I punkt 3 heiter det: «Fylkestinget går inn for at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen.» 

14.12.2017 vedtek Vinje kommunestyre med 21 mot fire røyster å løyver fire millionar til bygging av Vinje-senteret i 2018 og 16 millionar i 2019. Tidlegare i same møtet har kommunestyret med 24 mot ei ryst vedteke å løyve fire millionar til same føremål i revidert investeringsbudsjett for 2017. 

 

All verdas språk

14. desember 1931 finn den engelske ingeniøren Alan Dower Blumlein løysinga for å ta opp og gjengi lyd i to kanalar i ei platerille.

Denne stereoteknikken blir kommersielt utnytta frå 1958. Då gir Mercury Records ut den første stereoplata. Walt Disney har i 1940 brukt ein stereoteknikk i filmen Fantasia, men dei færraste kinosalane har utstyr for dette.

Kunsten å ta opp lyd tek til med den franske bokhandlaren Édouard-Léon Scott de Martinville. Han melder patent for sin phonautograph i 1857, og 9. april 1860 lydfestar han ei verselinje av den franske barnesongen «Au clair de la lune».

Utviklinga held fram med den amerikanske oppfinnaren Thomas Alva Edison som 19. februar 1878 får patent for fonografen, og den tysk-amerikanske oppfinnaren Emil Berliner som 26. september 1887 melder patent for det som blir grammofonen. Edison bruker ein voksrull, Berliner snur om på det heile og bruker i staden ei plate.

Den 16. mai 1888 presenterer Berliner apparatet som han kallar grammofon – skriven lyd. Berliner lagar dei første platene i celluloid, og etter fleire andre løysingar er vinylplata der frå 1948. 

Den franske språkforskaren og antropologen Léon Azoulay tek i mai 1900 til orde for å opprette fonografiske museum og arkiv. Verdsutstillinga i Paris opna i april same året, og det antropologiske selskapet i Paris opnar eit fonografisk museum i byen i mai 1900. På verdsutstillinga blir det snakka mange språk, og saman med kollegaer gjer Azoulay på fem månader meir enn 400 opptak av 74 språk og dialektar. Då verdsutstillinga er omme i nvember, falmar interessa i selskapet for det fonografiske museet, og i 1904 er det over.

I staden opnar den franske språkforskaren Ferdinand Brunot Les Archives de la Parole ved universitetet i Sorbonne 3. juni 1911. Målet hans er å byggje dette ut til Musée de la Parole, og det er den nemninga han sjølv bruker om arkivet. Brunot er særleg oppteken av å ta vare på det språklege mangfaldet som enno finst i Frankrike. Opptak med vallonsk og oksitansk er i boks då Den første verdskrigen set ein stoppar for museet.

Andre forskarar fører arbeidet vidare, frå 1928 i Musée de la Parole et du Geste ved universitetet i Paris, seinare i andre institusjonar. I dag forvaltar det franske nasjonalbiblioteket alle opptaka.

Sist oppdatert: 16.07.2018