Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.12.1863 annonserer J.W. Cappelen Diktsamling av A.O. Vinje. Boka er datert 1864 på tittelbladet, men forlaget annonserte boka 15.12.1863.

15.12.1881 gir Edvard Grieg ut opus 33, 12 Vinje-melodier til dikt av A. O. Vinje, i København og Leipzig. 

15.12.1885 vedtek kommunestyret i Fjelberg i Hordaland, med Niels Juel som ordførar, at landsmålet skal nyttast ”ved all Brev- og Bokføring i Heradsstyrets Tenesta”. Dette er det første vedtaket om landsmål som administrasjonsspråk i ein kommune. Fjelberg blir frå 1.1.1965 ein del av Kvinnherad kommune.

15.12.1912 annonserer Jacob Dybwads Forlag for Knut Liestøl og Moltke Moe: Norske folkevisor fraa millomalderen. «Samtidig udkommer ogsaa en riksmaalsudgave.»

15.12.2009 godkjenner Kulturdepartementet retningslinjer for Vinjefondet, vedtekne i styret i Nynorsk kultursentrum 4.12. (sjå 9.6.2009, 12.10.2010).

15.12.1975 kjem første nummer av Tysvær Bygdeblad ut. Det første året er styret redaksjon- I 1976 blir Lars Olav Tunbø tilsett som redaktør, og avisa kjem ut to gonger i månaden. Seinare blir avisa redaksjonelt tospråkleg.

15.12.1988 annonserer Nynorsk Antikvariat i Dag og Tid etter bøker å kjøpe. Det nyskipa antikvariatet sender ut første katalogen i juni 1989. Selskapet er skipa og blir drive av Arne-Ivar Kjerland og Kjell Arve Straumsvåg. 

All verdas språk

15. desember 1885 vedtek kommunestyret i Fjelberg i Hordaland, med Niels Juel som ordførar, at landsmålet skal nyttast «ved all Brev- og Bokføring i Heradsstyrets Tenesta».

I februar same året var Juel ein av dei som signerte framlegget om å jamstille dei to språka i landet, og han er truleg den første som bruker landsmål frå talarstolen i Stortinget. No er han med og gjer det første vedtaket om landsmål som administrasjonsspråk i ein kommune.

I åra som følgjer, blir norsk språkpolitikk desentralisert til lokale vedtak. Den 17. oktober 1890 vedtek skulestyret i Hosanger i Hordaland at landsmål skal vere opplæringsspråk i skulen, to år før dette er lovfesta.

Frå 1. januar 1965 blir Fjelberg ein del av Kvinnherad kommune, og Hosanger blir ein del av nye Osterøy kommune.

Den 4. mars 1892 autoriserer statsråd Wilhelm Andreas Wexelsen Elias Blix’ Nokre Salmar til bruk i kyrkja «hvor Beslutning om saadan Benyttelse bliver fattet af Menighedens Husfædre». Få månader seinare, 22. mai, innfører Skage kyrkjelyd i Overhalla i Namdalen Blix-salmane. Dette er den første kyrkjelyden som gjer det.

Den 27. mai 1892 vedtek Odelstinget med 64 mot 21 røyster i lov om landsfolkeskulen at «Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket av disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal. Inden Skolestyret fatter sin Beslutning, skal Overtilsynets og derefter Kredsens Erklæring være indhentet. Er denne sidste afgivet med to Trediedele af de mødende Stemmer, skal den af Skolestyret tages tilfølge.”

Lova blir sanksjonert 6. juli , og med dette er prinsippet om folkerøysting om skulemål innført.


Første skuledag i første klasse på Vikebygda skule i Volda 2013. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Første skuledag i første klasse på Vikebygda skule i Volda 2013. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Sist oppdatert: 06.10.2020