Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

16.12.1868 blir det første kjende rettsdokumentet på landsmål tinglese: A.O. Vinjes pantebrev på Eidsbugarden – med sitt innslag av skjemt.

Vinjebue på Eidsbugarden. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne
 
Vinjebue på Eidsbugarden. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

16.12.1937 kjem første nummeret av Nordhordland ut på Dale med Daniel Liset som redaktør. Siste nummeret kjem 20.2.1942.
 
16.12.1981 kunngjer statsråd Lars Roar Langslet namna på dei første radiostasjonane som skal få drive forsøksverksemd med nærkringkasting.
 
16.12.2005 legg regjeringa Stoltenberg fram St.meld. nr. 7 (2005–2006) Målbruk i offentleg teneste. Der heiter det at det er eit leiaransvar å følgje opp lova, og at alle no har eit par år på seg til å oppfylle krava om bruk av begge målformer på statleg drivne nettstader (sjå 17.3.2006).
 
16.12.2009 vedtek styret i Språkrådet samrøystes å setje i gang arbeidet med ei ny nynorsknorm, som skal vere stram, enkel og tydeleg, utan sideformer, og som skal vere lett å lære, uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Ei nemnd på sju medlemer under leiing av Grete Riise skal lage eit framlegg til norm innan 1.4.2011. Prosjektsekretær er Aud Søyland. Målet er at den nye norma kan takast i bruk frå 1.8.2012 (sjå 13.9.2007).

16.12.2016 legg regjeringa Solberg fram Meld. St. 14 (2016–2017) Kommersiell allmennkringkasting: I meldinga går regjeringa inn for at «begge dei offisielle norske målformene skal nyttas» av den kommersielle allmennkringkastaren. 
 

All verdas språk

16. desember 1922 døyr journalisten og sionisten Eliezer Ben Jehuda i Jerusalem.

Han var fødd Ehezer Yitchak Perelman i Luzkhi i Kviterussland 7. januar 1858. Etter studiar i Paris der han snakkar hebraisk til alle jødar han møter, emigrerer han i 1881 til Palestina og buset seg i Jerusalem. No går han heilt opp i språket og tek namnet Jehuda.

I Palestina bur det på denne tida om lag 20 000 jødar, som snakkar ei mengd ulike språk. Jehuda vil erstatte jiddisk og andre regionale språk med hebraisk, som då lenge har vore berre eit skriftspråk. Sionisme og hebraisk er for han to sider av same sak – hebraisk kan berre leve ved at den jødiske nasjonen blir atterreist. I 1889 er Jehuda med og skipar Hebraisk språkråd, som seinare blir til dagens Hebraisk språkakademi.

Ved sida av engelskarabisk blir hebraisk offisielt språk i det britiskstyrte Palestina frå 10. oktober 1922. Same året døyr Jehuda; då kjem også seksbandsverket hans Complete Dictionary of Ancient and Modern Hebrew. I 1948 blir hebraisk offisielt språk i Israel.

Før Jehuda kunne jødane snakke hebraisk, skreiv historikaren Cecil Roth i 1934, etter Jehuda gjer dei det.

Sist oppdatert: 06.06.2017