Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


17.12.1915 tek Kyrkjedepartementet bort det atterhaldet om bruken av liturgi på landsmål som var blitt innført tidlegare (sjå 28.10.1907).
 
17.12.1949 melder Norsk Tidend at Norsk Skjemaforlag LL er skipa i Bergen med hovudføremål å gi ut skjema på nynorsk. Bak tiltaket står 78 kommunar saman med fleire organisasjonar og enkeltpersonar. Bernh. Rønhovde har vore leiar i arbeidsnemnda som kom i gang hausten 1947.
 
17.12.1999 legg regjeringa Stoltenberg fram St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, som m.a. går inn for å fullføre Norsk Ordbok innan 2014. Stortinget sluttar seg til dette på grunnlag av Innst. S. nr. 46 (2000–2001) av 24.11.2000 (sjå 24.11.2000).
 
17.12.2003 blir seks tidlegare tillitsvalde i Norsk Målungdom dømde i Oslo tingrett for falsk forklaring til offentleg myndigheit om medlemstala i Norsk Målungdom (sjå 9.10.2002). Under rettssaka hadde alle dei seks erkjent straffskuld. For tilskot som Norsk Målungdom ikkje skulle ha fått, blir organisasjonen samstundes dømd til å ”tilbakebetale kr. 2 881 072 – tomillioneråttehundreogåttientusenogsøttito – til Barne- og Familiedepartementet innen 14 – fjorten – dager fra dommens forkynnelse”, dessutan 100 000 kroner i bot. Dei seks ankar dommen (sjå 27.8.2004). 
 
17.12.2004 legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram forslag om endringar i lov om stadnamn. Departementet vil at utgangspunktet for stadnamn i skrift no skal vere ”den lokale talemålsforma”, ikkje som før ”den nedervde lokale uttalen”. 
 
17.12.2005 sender NRK Barne TV den første av 52 episodar av den svenske serien Gjengen på taket der alle dei norske røystene bruker dialekt. Blant skodespelarane er Heidi Gjermundsen Broch og Dennis Storhøi.
 
17.12.2006 gir dei nye norske statsborgarane som ønskjer det, for første gong eit truskapsløfte. Den nynorske utgåva lyder slik: ”Som norsk statsborgar lovar eg truskap til mitt land Noreg og det norske samfunnet, og eg stør demokratiet og menneskerettane og vil respektere landets lover.”
 
17.12.2009 vedtek Gildeskål kommunestyre å førebu feiring av 175-årsjubileet for Elias Blix i 2011. Petter Kjærnes blir engasjert som prosjektleiar.

All verdas språk

17. desember 1833 døyr tyskaren Kaspar Hauser, truleg 21 år gamal.
Han dukka opp på torget i Nürnberg klokka tre om ettermiddagen 28. mai 1828 og kunne ikkje gjere greie for seg. Med seg hadde han eit brev til kaptein von Wessenig som hadde tittelen “Von der Bäierischen Gränz / daß Orte ist unbenant / 1828”. I brevet skriv den anonyme avsendaren at han har teke hand om guten 7. oktober 1812, lært han å lese og skrive, men at han i alle dei åra aldri har sett dagslys.
I kulturhistoria er der mange slike lagnader og såkalla ulveborn som kastar lys over mange former for sosialisering og kva rolle språket då spelar. Ein annan språklaus frå den same tida er Victor de l'Aveyron, som dukka opp i Aveyron i Frankrike i 1800, og som levde til 1823.
Frå nyare tid er ei jente i Arcadia, California. Mora er blind, og faren har like sidan jenta blei fødd, halde henne unna all kontakt med andre menneske og ikkje late nokon snakke til henne; sjølv har han brukt dyrelydar til henne. Dei første 12 åra bur ho på eit stengt soverom. Den 4. november 1970 greier mora å flykte med jenta, som då er vel 13 år gamal og kan 20 ord. Jenta får tilnamnet Genie og lever den dag i dag.

Sist oppdatert: 01.04.2014