Hopp til innhold
Ottar Grepstad
Nynorsk kulturhistorie


18.12.1890 prentar Nordmannen «Upp, fegnast alle, fegnast no», ein salme av Thomas Kingo frå 1689 som er omsett av Elias Blix. Året etter endrar Blix førstelinja til «Upp, gledjest alle, gledjest no». Det er denne varianten Odd Nordstoga bruker på plata Strålande jul i 2009 (sjå 2009).
 
18.12.1925 fastset statsråd Ivar Tveiten at Nynorsk Salmebok er godkjend til bruk i kyrkjene.
 
18.12.2009 kunngjer Utlendingsdirektoratet at statsborgarbrevet frå no av skal finnast også på nynorsk. Alle nye statsborgarar får eit slikt statsborgarbrev.

All verdas språk

18. desember 1603 sender Vereenigde Oostindische Compagnie (VOC) ut sin første flåte med handelsskip under leiing av Steven van der Haghen.
Selskapet er blitt skipa i Amsterdam 20. mars 1602 gjennom ei samanslåing av fleire eldre selskap og skal fremje nederlandske handelsmonopol særleg i delar av Asia. Dette inneber også at nederlandsk blir spreidd og etablert som språk i delar av Søraust-Asia. Eit liknande selskap, Geoctroyeerde West-Indische Compagnie, blir skipa 3. juni 1621 for å oppnå det same i Vestindia.
VOC syter for forsyningar til nederlandske koloniar i Asia, samhandlar med misjonærar, kjøper sølv og kopar frå Japan og handlar silke, porselen og bomull med Kina og India. Frå 1640 tek VOC over viktige hamner på Sri Lanka frå portugisiske handelsinteresser og tek kontroll over Malabar-kysten i India. Etter ein fredsavtale mellom Nederland og Portugal i 1663 er Goa det einaste Portugal har att i India.
Selskapet blir avvikla i 1791.
Sist oppdatert: 01.04.2014