Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.12.2006 omdisponerer Stortinget løyvinga for 2006 på 1,5 mill. kr til Nynorsk digitalt leksikon til «produksjon av nye artikler om nynorsk kulturhistorie på Internett» (sjå 23.2.199920.8.20018.11.20011.7.200231.3.200513.12.200520.4.200720.8.200819.2.200920.10.20092.6.2010).

19.12.2017 signerer Norsk Målungdom og Nynorsk kultursentrum ein kjøps- og støtteavtale som inneber at Nynorsk kultursentrum tek over domenet Nynorsk.no frå 1.10.2018. Norsk Målungdom kjøpte domenet i 1998. 

All verdas språk

19. desember 1984 gjer Storbritannia og Kina ein avtale om Hongkong som gjeld frå 1. juli 1997.

Namnet byggjer på den kantonesiske forma Heunggong. Staden blei utvikla som handels- og hamneby under Han-dynastiet på 100-talet og var lenge ein del av det kinesiske keisarriket.

Den 15. august 1517 kjem handelsmannen Fernão Pires de Andrade som utsending frå kongen i Portugal for å etablere kontakt med handelshusa i området. 200 år seinare etablerer det britiske East India Company seg i Kanton, og 20. januar 1841 okkuperer britiske styrkar den halvøya Hongkong utgjer.

Det er dette koloniregimet som blir avvikla i 1997, men slik at Hongkong får ei særstilling som Folkerepublikken Kinas spesielle administrative region Hongkong.

Kantonesisk og engelsk er offisielle språk og blir som regel begge brukte på offentlege skilt. I daglegtalen bruker også mange mandarin.  


Skiltjungel i Hongkong. Foto: Sonja Pierper, flickr.com CC BY 2.0
Skiltjungel i Hongkong. Foto: Sonja Pierper, Flickr.com CC BY 2.0
Sist oppdatert: 16.07.2018