Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.12.1909 kjem første nummeret av avisa Norig i Skien ut med Olav Eide som redaktør. Avisa blir dagsavis 1.6.1917. Siste nummeret kjem 5.9.1933, og avisa held fram i Telemark Dagblad (sjå 6.9.1933).

2.12.1941 debuterer Gudmund Brede med diktsamlinga Vers på eige forlag i Narvik. 

2.12.1965 kjem første nummeret av Sogn Dagblad ut i Høyanger med Per Dingsøyr som redaktør. Avisa er eit framhald av Sogn Folkeblad. Siste nummeret kjem 3.5.1997.

All verdas språk

2. desember 1999 vedtek Riksdagen i Sverige å anerkjenne finsktalande i Tornedalen som minoritet og språket deira, meänkieli, som nasjonalt minoritetsspråk.

Samstundes vedtek Riksdagen at romani i alle sine variantar, samisk, finsk og jiddisk er nasjonale minoritetsspråk. Vedtaket gjeld frå 1. april 2000.

Med om lag 200 000 brukarar er finsk det største minoritetsspråket i Sverige. Etter kvart sluttar om lag 40 kommunar seg til ei ordning med språklege forvaltningskommunar for finsk, samisk eller meänkieli. Tornedalsfinsk er ei anna nemning for dette språket som utvikla seg i den delen av det finskspråklege området som blei verande svensk då Russland tok over Finland i 1809. Ordet meänkieli tyder ‘vårt språk’ og blei lenge brukt for å skilje mellom eige språk og finsk.

Frå slutten av 1980-åra har nemninga meänkieli vore brukt også offisielt. Usikre tal tyder på at mellom 25 000 og 70 000 menneske bruker språket. I arbeidet med å forme ein skriftspråknormal for kvensk frå 2008 har det vore eit mål å nærme seg meänkieli.

Sist oppdatert: 06.10.2020