Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.12.1857 blir Lasse Trædal fødd i Lavik. Han er stortingsrepresentant (V) 1900–15.

20.12.1914 blir bilethoggaren Anne Raknes fødd i Kviteseid.

20.12.1916 blir forfattaren Guro Sandsdalen fødd.

20.12.1946 blir forfattaren Hans Sande fødd i Bergen.

20.12.1969 blir journalist Synnøve Hole fødd i Ålesund.

All verdas språk

20. desember 1977 set kinesiske styresmakter i gang ein såkalla andre runde med forenkling av det kinesiske skriftspråket.

Dei eldste kinesiske skriftteikna skriv seg frå om lag 1500 f.Kr., og ei første, større standardisering blei innført under Qin-dynastiet på 200-talet f.Kr. I alt skal det vere registrert om lag 60 000 skriftteikn. Mao Zedong tok i 1952 til orde for forenkling. Frå 28. januar 1956 er ein første runde gjennomført, som i 1964 har resultert i 2236 forenkla teikn.

I den andre runden skal om lag 4500 endringar innførast eller vurderast, men 24. juni 1986 blir heile reforma trekt attende. I staden blir forenklingane frå 1964 presiserte. I 2009 kjem 8300 nye teikn, men ikkje fleire forenklingar.

Større kinesiske ordbøker inneheld gjerne om lag 8000 teikn, og for å kunne lese kinesiske aviser bør ein meistre om lag 3000 teikn. 

Foto: kvitlauk, flikr.com CC BY 2.0
Foto: kvitlauk, flikr.com CC BY 2.0
Sist oppdatert: 29.07.2019