Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


21.12.1917 fastset regjeringa Knudsen prinsippa for nye rettskrivingsreglar for både riksmål og landsmål (sjå 7.4.1919 og 12.12.1917).
 
21.12.1938 løyver Ørsta kommune 1000 kroner til eit eldfast bygg i Aasen-tunet. Grunnlaget er ein udatert søknad frå Jon Aasen om midlar frå kommunen og staten til dette (sjå 13.6.1939, 14.3.1940 og 4.8.1946).
 

All verdas språk

 
21. desember 1990 vedtek Stortinget fleire tillegg til ei samelov som Stortinget vedtok 12. juni 1987. Den gongen oppretta Stortinget eit samisk forvaltningsområde der norsk og samisk er jamstilte språk. Forvaltningsområdet dekkjer no dei ni kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord og Snåsa.
 

Den 21. april 1988 vedtok Stortinget dessutan eit tillegg i § 110 i Grunnlova: «Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv.» Dette blir følgt opp i revisjon av samelova i 1990. Der heiter det no i § 1-5: «Samisk og norsk er likeverdige språk.» Det har teke 250 år å kome hit.

Den 2. oktober 1751 signerer Danmark-Noreg og Sverige ein traktat som fastset grensa mellom dei to rika frå Nesseby i Finnmark til Kornsjø i Østfold. Før dette har store område nordover frå Børgefjell vore grenselaust land mellom Russland, Sverige og Danmark-Noreg. Eit av vedlegga til traktaten er den såkalla Lappekodisillen. Den gir mellom anna samane rett til å drive reindrift uavhengig av dei nye statsgrensene.
 
Reindrift er framleis ei viktig næring i Finnmark. Her beitar ein flokk mellom Karasjok og Kautokeino vinteren 2014. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne
Reindrift er framleis ei viktig næring i Finnmark. Her beitar ein flokk mellom Karasjok og Kautokeino vinteren 2014. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

Med grensetraktaten av 1751 blir Kautokeino ein del av Danmark-Noreg. Den 14. mai 1826 signerer også Russland og Noreg ein tilsvarande grenseavtale. Utover på 1800-talet blir ei rekkje kyrkjer og skular bygde i nord for å fornorske innbyggjarane og markere territoriet.
 
 
Plenumssalen i Sametinget. Foto. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne
 
Plenumssalen i Sametinget. Foto. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne
Sist oppdatert: 01.04.2014