Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

22.12.1916 blir forfattaren Aslaug Høydal fødd i Seljord.
 
22.12.1917 blir tradisjonsmusikaren Hans W. Brimi fødd.
 
22.12.1927 blir forfattaren Norvald Tveit fødd.
 
22.12.1950 kjem første nummeret av Askøy Tidend ut på Askøy med Conrad Clausen som redaktør. Avisa går inn i 1984.

All verdas språk

 

22. desember 1915 sender feltmarskalk Paul von Hindenburg ut ei erklæring om at det er forbode å gi opplæring i russisk i dei tyskokkuperte områda av det russiske imperiet. Derimot er det høve til å gi opplæring i kviterussisk, litauisk, polsk og jiddisk. Passa blir samstundes gjorde tospråklege – tysk og eitt av dei «innfødde språka». 
 
Minst ti millionar menneske mistar livet under den første verdskrigen 1914–18, og det endrar demografien særleg i Tyskland, Frankrike, Serbia, Montenegro og Tyrkia. Verdskrigen fører til store endringar for fire verdsmakter: den tyske, den russiske, den austerriksk-ungarske og den ottomanske. Dei to førstnemnde mistar store landområde til andre statar, dei to siste går i oppløysing, og Sentral-Europa blir no omforma til fleire mindre statar.
Frå 18. til 23. juni 1913 arrangerer arabiske nasjonalistar Den arabiske kongressen i Paris. Dei ønskjer både å innføre regionalt sjølvstyre i det ottomanske riket og å gjere arabisk til offisielt språk i riket. Dette riket har eksistert sidan 27. juli 1299 og er prega av tre språk. Tyrkisk er offisielt språk, persisk blir brukt mykje i utdanning, og arabisk er det religiøse språket. Etter 623 år er det slutt for dette tyrkiske monarkiet 1. november 1922.
Den første verdskrigen og fredsavtalane etterpå gjer sitt til å opne dørene i europeisk historie for både den russiske revolusjonen, stalinismen, fascismen og nazismen, med alle dei følgjer det også får for språksituasjonen i Europa. Før krigen dominerer fransk og tysk som språk i Europa. Etterpå blir både engelsk og andre språk jamt viktigare, symbolsk markert ved at traktaten frå fredskonferansen i Versailles i 1919 blir skriven på fransk – og engelsk.
Sist oppdatert: 25.08.2014