Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


23.12.1875 blir redaktør Anders Mathias Abrahamsen Lothe fødd i Gloppen. Han er stortingsrepresentant 1928–45.
 
23.12.1898 blir rektor Trygve Ræder fødd i Rissa.
 
23.12.1948 blir direktør Arve Thorvik fødd.
 
23.12.1975 blir forlagsredaktør og forfattar Ragnfrid Trohaug fødd i Bodø.
 

All verdas språk

23. desember 1991 innfører Slovenia ei grunnlov som slår fast at slovensk er det offisielle språket i landet. I område med italiensk eller ungarsk busetnad skal også italiensk eller ungarsk vere offisielt språk.
Det eldste dokumentet på slovensk er Brižinski spomeniki (Minnesmerke frå Freising), ei teologisk handbok som truleg er frå om lag 1000.
Grunnlaget for slovensk blir forma av reformatoren Primož Trubar frå Rašica i dagens Slovenia. I forordet til ei katekisme han gav ut i 1550, er ordet Slovenci (slovenarane) brukt for første gong og viser der til den språklege fellesskapen. I 1582 gir han ut omsetjinga si av Det nye testamentet, omsett etter Martin Luthers utgåve. To år seinare kjem heile Bibelen, omsett frå hebraisk og gresk av Jurij Dalmatin. Desse skriftene blir grunnlaget for det slovenske skriftspråket.
I det austerriksk-ungarske kongedømet er slovensk lenge eit språk nummer to. Fram til 1918 dominerer tysk i mykje av forvaltning og vitskap, og under den andre verdskrigen blir slovensk sett heilt til sides.
Med skipinga av Jugoslavia i 1945 får slovensk for første gong status som statsspråk.
 
Primož Trubar House, i ein rekonstruert bygning der Trubar truleg var fødd, blir opna som museum i Velike Lašče i Slovenia i 1986.
 
Sist oppdatert: 08.01.2015